HELSENORGE

Vardesenteret i Ibsens gate

I oktober 2022 flytta Vardesenter frå Parkbygget til Ibsens gate 118, nedanfor Pasienthotellet på Haukeland. I den ærverdige gamle trevillaen er alle senteret sine tilbod og aktivitetar samla under eitt tak.

Teikning av Vardesenteret
Slik er det nye Vardesenteret. Illustrasjon: Tippetue arkitekter

Vardesenteret har sidan oppstarten i 2014 halde til i mellombelse lokale i foajeen i Parkbygget på Haukeland universitetssjukehus. I løpet av desse seks åra har Vardesenteret hatt stadig fleire besøk, med ein topp på over 16 000 besøkande i fjor.

​Auken i besøk er både ønska og gledeleg. Samtidig har den ført til at kapasiteten på Vardesenteret lenge har vore på bristepunktet. For å gjere noko med dette har Kreftforeningen og Helse Bergen gått saman om å etablere eit nytt Vardesenter i Ibsensgate 118. Helse Bergen har kjøpt den ærverdige gamle trevillaen, og Kreftforeningen har bidratt økonomisk til renovasjon og ombygging, både innvendig og utvendig.

Vardesenteret skal framleis vere ein møtestad og ein arena for kreftpasientar, pårørande og etterlatne kor dei kan møte fagpersonar, likepersonar og frivillig vertskap.
Med nye og større lokale får Vardesenteret også moglegheit til å utvikle og utvide fleire ulike kurs, aktivitetar og tilbod innan psykososial støtte og meistring, kosthald, rettigheiter/juss og fysisk aktivitet.

Det nye Vardesenteret vil også kome andre pasientgrupper til gode, ved at dei kan nytte seg av lokala når dei ikkje er i bruk av Vardesenteret. 


Her får du ein smakebit av korleis det nye Vardesenteret er:

Sjå korleis det nye Vardesenteret blir innvendig del 1 from Haukeland University Hospital on Vimeo.


 


Fann du det du leita etter?