Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp.
På Vardesenteret kan du til dømes få moglegheit til å snakke med menneske i same situasjon – både personar som har hatt kreft eller personar som er eller har vore pårørande til ein kreftsjuk. Vi arrangerer også ulike kurs og andre aktivitetar.
Vardesenterer er eit samarbeid mellom Kreftforeininga og sjukehuset.
Følg gjerne Vardesenteret på Facebook
Opningstid
Måndag, tysdag, torsdag og fredag klokka 10.00 - 15.00
Onsdag klokka 10.00 - 15.00 og 17.30 - 19.30
Stad
Vardesenteret er plassert i atriet i Parkbygget som ligg vegg i vegg med Sentralblokka på sjukehuset.
Les meir om Vardesenteret og alle aktivitetane på Kreftforeninga sine nettsidar.
Kontaktinformasjon
Mirjam Østevold
vardesenteret@helse-bergen.no
Tlf. 55 97 75 00
Vardesenteret på Haukeland er plassert i atriet i Parkbygget.