Syklar til utlån

Som kreftpasient eller pårørande kan du låne sykkel på timesbasis.

Som kreftpasient eller pårørande kan du låne el-sykkelen vår, eller ein vanleg sykkel med 3 gir. Begge har parkeringsplass ved inngangen til Parkbygget.

Nykkel/kode får du i Atriet kl 7.30-15 kvardagar, og på sengepost 1 i Parkbygget etter kl 15 og helger heile døgnet. Levering av nykkel gjer du same plass.

Kvittèr med telefonnummer på lista i skranken ved ut- og innlevering. Då får du også hjelm og eit informasjonsark om korleis du slår på el-sykkelen osv.

God tur!