Praktisk informasjon til unge kreftpasientar

Her har vi samla litt praktisk informasjon for deg og familien din.

​​​​​Biblioteket

Biblioteket i 3. etasje i Sentralblokka låner ut bøker, teikneseriar, lydbøker, DVD, tidsskrift, musikk og bildekunst. 

 

Bil - Ønskjer du å låne ein bil?

Kreftforeningen låner ut den rosa bilen gratis. For å reservere bilen ta kontakt med Haukeland hotell på tlf. 55 20 92 00.

 

Brosjyrar

Avdelingane har eigne brosjyrehyller med nyttig informasjon. Brosjyrane er gratis. 

 

Ernæringsfysiolog

Behandlinga du får kan påverke matlysta. Avdelingane har samarbeid med ernæringsfysiolog. Vi kan også tilby «ønskekost». 
Spør sjukepleiar på avdelinga om meir informasjon.

 

Foreldre og søsken

Ved alvorlig sjukdom blir kvardagen til heile familien påverka. Vi tilbyr familiesamtaler med lege og sjukepleiar og kan 
formidle kontakt med Kreftforeningen som har ulike tilbod for heile familien. 

 

Frisør

Ved hårtap har du rett på økonomisk støtte til kjøp av  hovudplagg, for eksempel parykk, caps eller hue. Rekvisisjon får du på avdelinga. 
  

Fysioterapeut

Sjukehuset sine fysioterapeutar kan gi behandling og tilrettelegge trening for deg. Dei kan kartlegge kva behov du har for hjelpemiddel og planlegge vidare oppfølging og rehabilitering. 

 

Kurs 

Spør etter informasjon på avdelinga, din lokale Kreftforening eller ring Kreftlinjen tlf. 800 48 210.  

 

*Leilegheit

Støtteforeningen for kreftsyke barn (SKB) har leilegheit til utlån for heile familien til pasientar under 18 år. Avtale om lån kan gjerast på avdelinga. 

 

Likepersontenesta

Ein likemann er ein som anten har hatt kreft sjølv eller vore pårørande, og som bruker sine erfaringar for å hjelpe andre som er i ein liknande situasjon. 

Lærings- og meistringssenteret 


 

Tannpleie

Kreftbehandling kan gå utover tannhelsa, og du kan kontakte tannlegen din for oppfølging. 
Barn under 18 år har rett på gratis tannbehandling. 
   

​Ungdomsrommet

Eit avbrekk frå sengeposten. Ungdomsrommet er ein fristad der du finn TV, spel, filmar og mykje anna. Rommet blir drifta av ein fritidsleiar. Ungdomsrommet er ved Kreftavdelinga i underetasjen i Sentralblokken. 

 

Ungdomsgruppa

Ungdomsgruppa (UG) er ein sjølvstendig landsdekkande organisasjon for ungdom mellom 15 og 35 år, driven på frivillig basis av unge som sjølv har opplevd kreftsjukdom. UG arrangerer faglege og sosiale aktivitetar for medlemmene. 

 

Reiseutgifter

Du og dine pårørande kan få dekt reiseutgifter. Dette kan du få informasjon om på di avdeling og ved Sosionomavdelinga.
  

 

*Sjukehusskulen

Du kan få skuleundervisning mens du er på sjukehuset. Sjukehusskulen kan ta kontakt med den vanlege skulen din etter å ha snakka med deg. 
 

*Sosionom

Familie med barn under 18 år skal få tilbod om ein samtale med sosionom som kan fortelje meir om kva rettar du har. 

 

*Sjukemelding / pleiepengar

Ved alvorleg sjukdom hos barn under 18 år har foreldre rett til sjukepengar, i dei fleste tilfelle også på pleiepengar. Søknad om dette får de hjelp til av behandlande lege og/eller sosionom.
Meir informasjon finn du i «Folketrygdloven» § 9-11.

 

Par​kering

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset.​ Pasient/pårørande kan kjøpe parkeringskort. 

 

Prest

Prestane ved sjukehuset er uavhengig av livssyn og har lang erfaring i å snakke med og møte menneske. Ønskjer du ein samtale, kan avdelinga formidle kontakt. 

 

Psykolog

Du eller dine pårørande kan få tilbod om samtale med psykolog. Ønskjer du ein samtale, kan avdelinga formidle kontakt.  

 

Rehabilitering - Trening

Fysisk aktivitet er viktig, både før, under og etter behandling. Kontakt legen din, avdelinga eller Kreftforeningen. Det finst fleire tilbod, blant anna:

 

* betyr at det gjeld ungdom under 18 år.