Som ein del av Kreftavdelinga sitt behandlings- og oppfølgingstilbod får pasientar som skal til strålebehandling for prostatakreft tilgang til å delta på eit digitalt kurs ein er tilvist til i forkant av behandlinga, gjerne saman med pårørande dersom det er ynskjeleg. Kreftsenter for opplæring og rehabilitering tek kontakt med dei dette er aktuelt for og avtaler nærare korleis ein skal gå fram for å få tilgang til kurset.
På kurset lærer du meir om eigen sjukdom, korleis strålebehandling går føre seg, kva strålebehandling er og inneberer, antihormonbehandling, biverknader og kva du sjølv kan bidra med, kvifor fysisk aktivitet et nyttig og om kreft og seksualitet. Desse emna er delt opp i ulike filmar kor fagpersonar som er delaktig i behandling og oppfølging forklarar og formidlar informasjon som kan være til nytte når ein gjennomgår strålebehandling for prostatakreft.
Det er lagt opp til at ein skal sjå filmane i kronologisk rekkefølgje, og vi oppmodar til å ta pausar undervegs. Eit tips er ha penn og papir klart til å notere nyttige fakta og spørsmål som kan dukke opp når ein ser filmane.
Nedanfor kan du sjå filmane til kurset. Filmane krev passord som du får tildelt frå Kreftsenter for opplæring og rehabilitering.
Framgangsmåte for å åpna filmane:
• Velg aktuell film.
• Skriv inn tildelt passord der det står «Password».
• Trykk «Watch Video».
• Trykk på "spill av" knappen, som er ein trekant.
Framgangsmåte for å sjå filmane i fullskjermsvisning:
• Trykk på «vimeo» nederst til høgre i filmen.
• Skriv inn tildelt passord der det står «Enter password» dersom det kjem opp ein ny passordbekreftelse.
• Trykk «submit».
• Ønskjer du endå større bilete på skjermen må du trykke på de fire pilene nederst til høgre i filmen.
• For å ta pause i filmen må ein trykke på firkanten.
Etter du har sett alle filmane vil vi kontakte deg for å ha ein oppfølgingssamtale på telefon. Ta gjerne kontakt om noko er uklart eller om du ynsker ytterlegare informasjon på telefon:
55 97 74 77.
Del 1 - Introduksjon til kurset
Del 2 - Forberedelse og gjennomføring av strålebehandling
Del 3 - Strålebehandling og sikkerhet
Del 4 - Antihormonbehandling og PSA
Del 5 - Behandling av prostatakreft med strålebehandling
Del 6 - Prostatakreftforeningen
Del 7 - Fysisk aktivitet og kreft
Del 8 - Prostatakreft og seksualitet
Del 8 Prostatakreft og seksualitet from
Haukeland University Hospital on
Vimeo.
Del 9 - Bivirkninger, råd og hva en selv kan gjøre