Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høyresentralen

Høyrer du dårleg? Eller kanskje du har ein i familien som høyrer dårleg? Då kan det vere at vi kan hjelpe deg her ved Høyresentralen. Høyresentralen betener alle aldersgrupper frå 0 til over 100 år.

Svekt høyrsel er ganske vanleg i vårt samfunn, og ein reknar med at mellom 10 og 15 prosent har eller har hatt nedsett høyrsel. Svekt høyrsel kan ein finne i alle aldersgrupper, og det kan ha mange forskjellige årsaker. Det kan vere arveleg eller medfødt, det kan skuldast øyrebetennelsar eller andre øyresjukdomar. Det kan også kome av  at ein har vore utsett for sterk støy over lang tid. Når ein blir gammal vil også høyrsla gradvis bli redusert.

Høyresentralen har følgjande hovudoppgåver:

  • Greie ut personar som føler/mistenkjer at dei høyrer dårleg, dvs. måle høyrsla og forsøkje å finne årsaka til høyrsletapet.
  • Setje i verk aktuell behandling for høyrsletap.
  • Greie ut og behandle med beinforankra høyreapparat.
  • Greie ut og behandle personar som er plaga med alvorleg øyresus (tinnitus)

Dersom høyrsletapet kan behandlast kirurgisk vil du få hjelp ved Øyre-nase-halsavdelinga. Dersom operasjon ikkje er aktuelt kan du få forsøkje høyreapparat her ved Høyresentralen. Det kan også vere behov for andre høyrsletekniske hjelpemiddel knytt til for eksempel varsling for dørklokke, telefon og røykvarslar, lytting på TV og radio, det å oppfatte kva som blir sagt i telefonen osb. Høyresentralen hjelper deg med søknad til Hjelpemiddelsentralen for å få dei hjelpemidla du måtte ha behov for.

Personar som er døve, eller som høyrer så dårleg at vanlege høyreapparat ikkje hjelper, kan ein hos enkelte hjelpe med cochlea implantat, ofte forkorta til CI. Dette er svært avanserte høyreapparat kor ein via ein operasjon legg inn ein sonde i sniglehuset i det indre øyra. I tillegg brukar ein eit høyreapparat som heng bak øyra, ev. på kroppen. Dette apparatet sender signal til sonden som ligg i sniglehuset, og brukaren vil kunne oppfatte lydar.

Høyresentralen greier ut kven som kan vere aktuelle for CI og for vaksne personar vil ein ev. operasjon kunne bli utført ved Øyre-nase-halsavdelinga, Haukeland universitetssjukehus. Det er berre Haukeland universitetssjukehus, St. Olavs hospital i Trondheim og Rikshospitalet i Oslo som utfører denne operasjonen.

Dersom det er små barn det gjeld, vil operasjonen bli utført på Rikshospitalet i Oslo.

Føler du behov for vår hjelp rår vi deg til å kontakte fastlegen din og be om tilvising til oss.

Velkommen!

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 14:30
  • Tysdag 08:00 - 14:30
  • Onsdag 08:00 - 14:30
  • Torsdag 08:00 - 14:30
  • Fredag 08:00 - 14:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Klinikk for hovud-hals Øyre-nase-hals avdelinga Høyresentralen Postboks 1400 5020 Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sentralblokka 2. etasje

Høyresentralen i Møllendalsbakken er avvikla og du finn oss no kun i Sentralblokka på Haukelandsområdet.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs og møter

  • Tinnitus
    Kurset er for personar med Tinnitus og deira pårørande. Kurslokalet er tilrettelagt med teleslynge. Meld frå om behov for skrive- eller teiknspråktolk.
    Tinnitus
    3.
    september
    2024
  • Cochlea Implantat
    Gruppebasert opplæring av pasientar og pårørande om Cochlea implantat.
    Cochlea Implantat
    12.
    september
    2024
  • Høyrselskurs
    Kurset gir informasjon om høyrselstap, høyreapparat og høyrselstekniske hjelpemiddel. Du får møte representantar frå ulike faglege miljø og moglegheit til erfaringsutveksling med andre i same situasjon. Lokalet er tilrettelagt med teleslynge.
    Høyrselskurs
    23.
    oktober
    2024