Informasjon til foreldre og pårørande

Barnekirurgisk post

Mange barn blir innlagt på Barnekirurgisk avdeling for ulike typar inngrep. Her finn du praktisk informasjon om sjukehusinnlegginga for pasient og pårørande.
Far med sønnen på fanget. Foto
 

​Innleggingsdag

Før alle planlagde operasjonar møter kirurgiske- og øyre-nase-hals-barn med føresette på avdelinga for å bli tatt imot.

Ortopediske barn møter på pre-poliklinikk for mottak, 1. etasje.

Vèr merksam på at det kan bli ein del venting denne dagen.​​

Førebuingar til operasjon

  • Barnet som skal opererast, må dusje / bade kvelden før operasjon eller om morgonen operasjonsdagen.
  • Etter kl. 24.00 må barnet faste. Det vil seie at barnet ikkje kan ete mat, tygge tyggegummi, ete drops, bruke snus / røykje. Barnet kan drikke vatn og saft inntil to timar før operasjon.
  • På barn vert det brukt eit plaster, eller ein salve (Emla), på hender eller føter som bedøver området der venflon​ skal leggjast, eller dersom barnet skal ta blodprøvar. Det blir vurdert i kvart enkelt tilfelle om barnet treng å ta blodprøver. 

Legevisitt

Det er legevisitt dagleg på avdelinga, tidspunktet kan variere.

Måltid

På avdelinga er det bufféservering. Under opphaldet får pasienten og ein pårørande / føresett forsyne seg med mat / drikke.
Måltida er til faste klokkeslett:

  • Kl. 08.00 - 09.30 - Frukost
  • Kl. 12.00 - 13.00 - Lunsj
  • Kl. 16.00 - 17.00 - Middag
  • Kl. 19.00 - 20.30 - Kvelds

Dei pasientar / føresette som bur på hotellet under opphaldet, skal innta måltida der. 

Leikerom / stellerom

Det er eit leikerom tilknytta avdelinga som kan nyttast av pasient / føresatte. Det er viktig at kvar og ein ryddar opp etter seg. Ein kan ikkje ete eller drikke her, då fleire av barna som er der fastar og av den grunn ikkje kan innta mat / drikke. Ved sidan av leikerommet er det toalett / stellerom.

TV / DVD-spelar

Det er TV og DVD-spelarar på alle rom. På avdelinga er det mogleg å låne DVD-filmar og lydbøker.

Det er lov å ta med eiga datamaskin. Dette er på eiget ansvar.

Bibliotek

Det er Pasientbibliotek på sjukehuset. Alt som lånast her, har kvar og ein ansvar for å levere attende.

Skule

Barn som ligg på sjukehus har krav på undervising med lærar. Sjukehuset har eigne lærarar som tar kontakt med dei inneliggande barna som er i skulealder.

Telefon

Det er mogeleg å bruke eigen mobiltelefon på avdelinga.

Overnatting foreldre / pårørande

Det er berre ein pårørande / føresett som kan overnatte saman med barnet under opphaldet. Skal pårørande / føresette forlate avdelinga, må personalet få beskjed om dette.

Barn under 12 år som blir inneliggande lengre enn 8 dagar, kan få søknadspapir der ein pårørande / føresett kan søkje om pleiepengar.

Avdelinga har ikkje ansvar for private eigendeler som blir tatt med til avdelinga.


Forskrift om barns opphald i helseinstitusjon Pasientreiser