Vår funksjon er å sikre sjukehuset tilgang til sterilt fleirgangsutstyr. Vårt arbeidsoppdrag er rett utstyr til rett tid og til rett eining.
Frå operasjonseiningane mottek vi årleg mange tusen ulike typer kirurgisk utstyr som skal godkjennast gjennom våre kvalitets- og prosesskontrollsystemer før det kan frigis til bruk på neste pasient.
Kva bakgrunn må ein ha?
Å ha tatt Fagskuleutdanning i sterilforsyning vil kunne gje deg fordeler i oppgåveløysing i Sterilsentralen. Men, det treng ikkje vere avgjerande for arbeid hjå oss. Generell digital kompetanse er imidlertid et krav då dei aller fleste av våre oppgaver er knytta til ulike operasjons- sporings og planleggingssystem. Gode samarbeidsevner, høg arbeidsmoral og ei sunn serviceinnstilling kjenneteikner vårt gode arbeidsmiljø. Dette vil vi ta vare på.
Det er nødvendig å opplyse om at vi har eindel fysisk tunge manuelle arbeidsprosessar. God løfteteknikk og bruk av løfteutstyr er viktig for å unngå belastningskader på nakke, skulder og rygg.
Vi er mange nasjonaliteter som jobber tett sammen. Det er eit krav at ein meistrar norsk både munnleg og skriftleg.
Arbeidstid
I Sterilsentralen er det 3-delt turnusarbeid med arbeidshelg kvar 4.veke
Kl. 07.00 - 15.00 Dagvakt
Kl. 14.45 - 22.00 Kveldsvakt
Kl. 21.45 - 07.00 Nattevakt