Operasjonssjukepleiar i Sterilsentralen

Operasjonssjukepleiar har kunnskap om kirurgisk utstyr og kirurgisk verksemd, og fungerer som bindeledd mellom teknikarane i Sterilsentralen og helsepersonell som bruker utstyret på dei ulike operasjonsavdelingane.

​Operasjonssjukepleiar gir råd om rutinar og prosedyrar i Sterilsentralen, legg til rette for undervisning og opplæring og tar del i registrering og merking av nytt utstyr.

Det er mange avdelingar utanfor dei store operasjonseiningane som bruker kirurgisk utstyr. Operasjonssjukepleiar rettleiar og underviser i avdelingane f.eks. om bestilling av kirurgiske instrument, instrumentlære, reinhald og desinfeksjon av utstyret.

Når studentar som tar vidareutdanning i operasjonssjukepleie har praksisperiode i Sterilsentralen, er det  operasjonssjukepleiar som legg til rette og følgjer opp studentane. Operasjonssjukepleiar underviser også på Fagskolen i utdanningsprogrammet for sterilforsyningsteknikarar og tar del i rettleiing av desse studentane.

Fann du det du leita etter?