HELSENORGE

Ny som medarbeider i Sterilsentralen

Det tar tid å bli god i dette faget. Alle nytilsette får ein erfaren mentor som vil sørge for at du gjennomfører tildelt opplæringsplan i tråd med sjukehusets krav.

.

I forhold til di eiga mestringsutvikling, vil du etterkvart få prøve deg med enkle oppgåver. Ikkje fortvil om ikkje du får oversikt, eller ikkje får til alle finessene på arbeidet i starten. Du vil lære noko nytt kvar dag og etterkvart vil du meistre fleire og fleire oppgåver. 

Det er lov å spørje

Å vere ny hos oss kan vere strevsamt i starten. Det er mykje koordineringsarbeid som skjer i produksjonen. Du kan rådføre deg med alle som arbeider i Sterilsentralen. Du vil alltid få gode svar, og det er betre å spørje enn å gå i gang på eiga hand. Arbeid strukturert frå starten av og få inn dei gode vanene. Hugs at du til sjuande og sist må sjølv attestere på at du handterer ulike arbeidsoppgåver undervegs. Det høyrer med til å utvikle eit sjølvstendet i arbeidet.

Erfarne kolleger

På alle vakter vil det alltid vere fleire kompetente medarbeidarar som har lang erfaring i å handtere komplekse arbeidsoppgåver. Det er lov å vere ny. Vi har god erfaring med opplæring av nye og du blir følgd tett opp.

Utdanning med stipend

For å sikre sjukehuset rett kompetanse i faget er det oppretta fagskulestudie i Sterilforsyning og spesialreinhald. Sjukehuset deler ut stipend kvart 2. år.

Prosedyrer, lover og reglar

Sterilsentralen har ei rikhaldig prosedyreportefølje som ligg lett tilgjengelig i sjukehusets elektronisk kvalitetshandbok (EK). I overordna styringsdokument ligg det i tillegg føringar for korleis fagområdet skal forvaltast i sjukehuset, og oversikt over alle lover og forskrifter som treff faget vårt. Du må vere tilsett for å få tilgang til desse dokumenta som styrer vår verksemd.


 


 

Fann du det du leita etter?