Fysioterapivurdering

På poliklinikken ved Seksjon for smertebehandling og palliasjon jobbar det legar, psykologar og fysioterapeutar, i tverrfaglege team. Når tilvisinga kjem frå fastlegen vert den vurdert på inntaksmøte med alle faggruppene til stades. Der vert det tatt stilling til om pasienten skal setjast opp til vurdering hjå alle tre faggruppene, til to, eller til ein av dei.

Målet med fysioterapivurderinga er å bidra til å finne ei forklaring på smertene, finne ut kva som kan bidra til å forsterke og/eller oppretthalde plagene (t.d. om ein er anspent) og finne fram til pasienten sine kroppslege ressursar (kva som er bra). Eit anna mål med vurderinga er å gje råd om videre oppfølging.

Ei vurdering varer ca 1,5 timar, inkl samtale og undersøking. Fysioterapeuten har førebudd seg til konsultasjonen ved å lese tilgjengelege opplysninger som føreligg (tilvisinga frå fastlegen, evt. andre opplysningar som er tilgjengelege i pasienten sin journal).

Undersøkinga av kroppen er den viktigste delen av vurderinga. Det er ynskjeleg at pasienten kler av seg slik at mest mogleg av kroppen kan undersøkjast. Dette er det og opplyst om i innkallingsbrevet.

Undersøkinga er delt i fire hovedområde:

Kroppsholdning: Kroppshaldninga kan ha innverknad på spenningar og korleis rørslene vert utført. Fysioterapeuten undersøkjer korleis pasienten står, og korleis bekkenet, ryggen, skuldrane og hovudet sin stilling er.

Funksjon: Normal evne til å bevege i alle ledd er viktig for kroppen sin funksjon. Det vert undersøkt korleis pasienten beveger seg, og bevegelsesutslag i ulike ledd vert testa. Evna til avspenning vert også testa (om pasienten er anspent). Gangmønster vert også vurdert.

Respirasjon/pust: Mange med smerter har ein tendens til at pustebevegelsene er høgt oppe i brystkassa (høgcostal pust). Det kan medføre spenningar, særleg i mellomgolv- og magemusklar. Høgcostal pust kan også gjere til at spenningar ellers i kroppen vert oppretthalde eller forsterka.

Palpasjon: Palpasjon betyr undersøking av musklar. Mange musklar kan vere anspent, ømme og av og til smertefulle. Smertene aukar ofte når musklene vart trykte på (palperes). Nokon har ømme punkt i muskulaturen, nokon har triggerpunkt som kan gje utstrålende smerte.

Alle får ei tilbakemelding, forklaring, på undersøkinga og vidare tiltak vert drøfta med pasienten. Evt. oppfølging skjer i heimkommunen/bydel. Einskilde pasienter har ikkje behov for behandling og vert følgd opp vidare av fastlegen.

Haukeland universitetssjukehus har mykje undervisning av t.d. studentar eller helsepersonell som skal utvide sin kompetanse. Dette betyr at du kan bli spurd om andre kan vere til stades under vurderinga.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.