Akuttsmerteteam

Akuttsmerteteam er eit tverrfagleg behandlingsteam som gjer bistand til avdelingane på sjukehuset. Teamet består av lege, sjukepleiar og psykolog.

Les meir om Akuttsmerteteam

Akuttsmerteteam

Teamet har tilsyn og gjer råd om smertelindring til inneliggande pasientar, både vaksne og barn, som har akutte smerter og som trenger behandling utover det avdelinga kan handtere sjølv, til dømes  etter kirurgi, traumar og medisinske tilstander.

Vi ønsker at lege og sjukepleier går på første og siste tilsyn sama. Andre pasienttilsyn vert ofte kun gjort av lege eller sjukepleier.
Det er avdelinga som er ansvarleg for å følge opp anbefalingane som vert gitt.

Kontakt

Oppmøtestad

Mandag 24. september flytter Seksjon for smertebehandling og palliasjon fra Haukelandsbakken 2 til Barne- og ungdomssjukehuset, 4. et. I blokk 1.

Møt opp i ekspedisjonen i 1. etasje.

Barne- og ungdomssjukehuset
Besøksadresse
Haukelandsbakken 15(Google maps)
5021 Bergen
Telefon
55975000

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering

På grunn av bygging av nytt sjukehusbygg like ved, er det berre to handikap-parkeringsplassar ved BUS1. Dei fleste som kjem i eigen bil må derfor parkere ein annan stad for å kome til poliklinikken. Dei som parkerer i Sentralblokka ved Haukeland universitetssjukehus, må gå inn i foajeen i etasje 0 (same etasje som parkeringsanlegget), ta heis eller rulletrapp ned til underetasjen, og deretter følgje skilting til Barne- og ungdomssjukehuset. Når du kjem dit, må du opp ein etasje (heis eller trapp) til ekspedisjonen i 1. etasje og melde deg der.

Har du bruk for hjelp til å finne fram eller kome deg til poliklinikken, så ta gjerne kontakt med dei frivillige ved sjukehuset. Dei har raude vestar, og du finn dei i foajeen i Sentralblokka.

Du treng gjerne om lag 20 minutt frå du parkerer og til du er framme ved ekspedisjonen i Barne- og ungdomssjukehuset (BUS1).

Parkering Barne- og ungdomssjukehuset

​Det er innkøyring til Barne- og ungdomssjukehuset frå Haukelandsbakken, nord for Sentralblokka. Det er tre handikap-parkeringsplassar ved Barne- og ungdomssjukehuset.

Andre besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire handikap-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Barne- og ungdomssjukehuset innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er ope for alle. ​

Les meir om stilleromma

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.