Palliativt team er ei tverrfagleg gruppe med brei kompetanse som skal bidra med råd og rettleiing innan lindrande behandling, pleie og omsorg for pasientar med alvorleg, livstruande sjukdom.
Teamets medlemmer:
Sjukepleiarar, legar, psykologar, fysioterapeut, sosionom, sjukehusprest og klinisk ernæringsfysiolog.
Målet vårt
Målsetting med lindrande behandling er å gje best mulig livskvalitet til pasient og pårørande ved
- å lindre smerter og andre plagsame symptom.
- å ha fokus på det som er viktig for pasientar og pårørande med omsyn til fysiske, psykiske, sosiale og andelege/eksistensielle behov.
- å legge til rette for god organisering av tenestene som den enkelte pasient og pårørande har behov for.
Vårt tilbod
- tilsyn til inneliggande pasientar.
- råd, rettleiing og samarbeid med helsepersonell som har ansvar for dagleg oppfølging av pasienten, og saman med avdelinga planlegge den palliative behandlinga.
- vurdering og tilvising til andre palliative tilbod utanfor sjukehuset.
- hjelp til å opprette ein individuell plan.
- samtalar med pasient og/eller pårørande, inkludert barn og unge.
- informasjon om rettar og muligheiter, og hjelp til praktiske og økonomiske spørsmål.
- rettleiing og tiltak frå fysioterapeut.
- delta på samarbeidsmøte saman med familien og personell frå sjukehusavdelinga og kommunehelsetenesta, til dømes heimesjukepleiar eller fastlege.
- opplæring i bruk av medisinsk utstyr i heimen, til pårørande eller personell i heimetenestene.
Samarbeid
- med helsepersonell på sjukehus.
- med heimetenesta, fastlege og sjukeheim.
- med andre tilbod (t.d. Sunniva senter for lindrande behandling).
Korleis ta kontakt
inneliggande pasientar blir tilvist av lege. (sekundærhenvisning i DIPS)
Palliativt team kan kontaktast for råd og vurdering.