Teamet har tilsyn og gjer råd om smertelindring til inneliggande pasientar, både vaksne og barn, som har akutte smerter og som trenger behandling utover det avdelinga kan handtere sjølv - til dømes etter kirurgi, traume og medisinske tilstandar. Vi ønsker at lege og sjukepleiar går på første og siste tilsyn saman. Andre pasienttilsyn vert ofte kun gjort av lege eller sjukepleiar. Det er avdelinga som er ansvarleg for å følge opp anbefalingane som vert gitt. I samarbeid med Høgskolen i Vestland har vi laget ulike filmar som viser korleis du som sjukepleiar/helsepersonell kan gi smertebehandling på ein sikker og trygg måte.