Vi søker deltakarar til pilotundersøking

Intensivbehandling av eldre

Kva ønske har eldre sjølve ved livstruande sjukdom? I vår pilot ønsker vi kontakt med eldre over 80 år og deira pårørande, for å teste ut eit nytt spørjeskjema om intensivbehandling

Spørjeskjemaet som vi vil teste ut, har til formål å bringe fram kunnskap om eldre sine tankar, holdningar og ønske når det gjeld intensivbehandling ved akutt livstruande sjukdom. Vi vil også gjerne snakke med nokre eldre og pårørande om dette temaet.​

​Bakgrunn​

Vi som er helsepersonell ved Intensivmedisinsk seksjon, søker meir kunnskap om kva eldre menneske vil føretrekke av behandling ved akutt livstruande sjukdom. Vi ønsker å vite meir om korleis eldre ønsker at beslutningar om inngripande medisinsk behandling skal takast, dersom dei ikkje kan samtykke sjølve. Vi ønsker å vite meir om pårørande sin rolle i slike vanskelege beslutningsprosessar. Vi ønsker og å belyse samhandling mellom pasient, pårørande og helsepersonell, når valget står mellom å tilby eller avstå frå intensivbehandling.​​

Denne piloten er vurdert av Regional komite for medisinsk og helsefaglig forskning og av personvernombudet i Helse Bergen. Den er også godkjent av leiinga ved Kirurgisk serviceklinikk. Vi ønsker no kontakt med 10-20 eldre over 80 år og 10-20 pårørande til å evaluere dette spørjeskjemaet og intervjue nokre av deltakarane.

Det endelige spørjeskjemaet vil bli gitt til 400 eldre som kommer til poliklinisk behandling på Haukeland universitetssjukehus, og deira næraste pårørande. Vi håpar at vi med dette vil få auka kunnskap, som bidreg til at eldre menneske i større grad kan få den behandlinga dei ønsker og har nytte av.  

Kva skal deltakarar gjere?

Du vil fylle ut sjølve spørjeskjemaet og ei evaluering av spørjeskjemaet. Du kan og bli spurd om å bli intervjua. Intervjuet vil enten skje per telefon, eller som fokusgruppeintervju på Haukeland univeristetssjukehus, med 3-5 deltakarar og omlag ein times varigheit.
 
Spørjeskjema vil bli send ​til deg per post, saman med forslag til dato for eit intervju. 
Spørsmål som du synst er ubehagelege eller som ikkje passar for deg, treng du ikkje svare på.​ 

Påmelding

Meld deg på hos prosjektleiar Dr. Leonie Schwarz per epost:​
gabriele.leonie.schwarz@helse-bergen.no​
 
 
Frå og med 18. august kan du også melde deg på ved å kontakte sekretær ved Kirurgisk serviceklinikk p​å telefon: 55 97 68 50 mellom kl.​ 09.00 og 15.00.  
Fann du det du leita etter?