HELSENORGE

Før du møter

Å opererast hos oss krev visse førebuingar. Under følgjer nokre viktige punkt som du bør lese i god tid før du møter. For å kunne opererast dagkirurgisk er det eit krav at du har nokon som kan hente deg i avdelinga når du er klar til å reise heim, eller på pasienthotellet, og at du har nokon som er hos deg den første kvelden/natta etter inngrepet.

Inngongparti og dør med skilting. Foto.

Inngongen til resepsjon/venteareal på dagkirurgisk seksjon.

Faste

Dagen før operasjonen skal du faste frå kl. 24. Dette tyder at du ikkje kan spise, drikke, røyke, bruke snus, drops eller tyggegummi. Du kan drikke eit glass vatn til medisinane dine inntil 2 timer før du skal møte.

Medisinar

Alle faste medisinar skal du ta om morgonen om ikkje anna er avtalt med lege. Om du bruker marevan eller anna blodfortynnande medisin, ta kontakt 2 veker før operasjonen for å avtale eventuell nedtrapping. Har du diabetes skal du ikkje ta tabletter/insulin om morgonen. Om du har astma skal du ta inhalasjonen din.

Hygiene

For å forebyggje infeksjonar er det viktig at du møter nydusja i reine klede. Ikkje bruk bodylotion operasjonsdagen, og ikkje barber deg der du skal opererast. Neglelakk/kunstige negler må fjernast, det same gjeld eventuelle smykker og piercinger.

Ta med deg

  • Utfylt "egenerklæringsskjema" (om du ikkje har sendt dette pr. post til oss). Her skal det blant anna kome fram kven som skal hente deg/vere med deg det første døgnet etter operasjonen. Dette er og ei bekreftning på at du takker ja til timen.
  • Reine innsko/tøfler
  • Lesestoff, musikk eller anna tidsfordriv grunna ein del venting.
  • Om du har diabetes eller astma, ta med medisinane du bruker.
  • Ta med frikort om du har dette.

Dersom du ikkje kan nytte timen/må endre den

  • Om du ikkje kan nytte timen, eller at du har blitt sjuk slik at operasjonen må utsettast, må vi få beskjed snarast mogleg. Ring oss på telefon 55970450 mellom klokka 09-11, eller logg inn på helsenorge.no for å endre timen din.
  • Vi gjer deg ei påminning på SMS før timen om vi har registrert mobiltelefonnummeret ditt. Må du endre timen, kan dette føre til lenger ventetid.
  • Eigenandel er for tida 320 kroner. I tillegg til utgifter til materiell som er 75 kroner. Om du ikkje møter opp til timen uten å gje beskjed innan 24 timer før konsultasjonen, vil du bli belasta med 640 kroner, sjølv om du har frikort, eller det er eit barn.
  • OBS: Det kan være naudsynt at du tester deg for MRSA (multiresistente bakterier) før du kjem til operasjon om du:
    • Tidlegere har fått påvist MRSA
    • I løpet av de siste 12 månader har vore lagt inn i sjukehus innanfor Norden.
    • I løpet av 12 månader har fått omfattande behandling (gjeld og tannbehandling) i helsevesen utanfor Norden. 
    • Ta i såfall kontakt med din fastlege.
Fann du det du leita etter?