Om brannskadar

Brannskadar kan oppstå av ulike årsaker. Omfanget av skaden varierer stort. Omtrent 1/3 av pasientane er barn, og den hyppigaste skadeårsaken hos desse er skålding.

I tillegg til brannskade kan pasienten ha andre skadar. Luftvegane kan også vere skada av røyk eller gass.

Pasientane ligg i gjennomsnitt 20 dagar ved Brannskadeavdelinga til behandling.

Huda er kroppen sitt største organ og den har mange viktige funksjonar. Den beskytter mot infeksjon ved å halde ute bakteriar. Og den førebyggjer tap av væske og hjelper å regulere kroppstemperaturen.

Dei vanlegaste årsakene til brannskade

  • Skåldeskade – for eksempel ved at ein får varm væske på huda
  • Kontaktskade – for eksempel ved at ein tar på noko varmt
  • Flammeskade – for eksempel husbrann, eksplosjon, flammer antenner klær
  • Elektrisk skade  - for eksempel ved at ein kjem borti høgvolt
  • Kjemisk skade – for eksempel ved at ein får kjemikalier på huden
     

Brannskadegrad

  • Fyrstegradsforbrenning – Overflatisk skade på huda som for eksempel ved alvorleg solforbrenning. Då er huda raud, tørr flate utan blemmer, huda kan vera litt hoven (ødematøs), har normal blodtilstrømming, og det kan opplevast smertefult.
  • Andregradsforbrenning  - Delhudsskade, blir vidare delt inn i overflatisk eller djup hudskade. Då er huda raud eller bleik, fuktig og ofte med blemmer.  Huda er hoven og kan ha nedsett blodtilstrømming. Dette kan opplevast svært smertefult.
  • Tredjegradsforbrenning – Fullhudsskade. Då er huda livlaus, kvit, pergament (papir)- eller læraktig tørr. Det er inga blodtilstrømming. Ein kjenner nedsett eller inga smerte i det heile.

Tverrfagleg behandlingsteam

Behandlinga er ofte tidkrevjande. Pasientane med dei mest alvorlege brannskadane blir overvaka og passa på av ein eller fleire frå teamet heile døgnet. Det blir lagt vekt på at både pasient og pårørande skal oppleve dei tette relasjonane som positive og at dei får den omsorg dei treng.

Teamet har medarbeidarar med fagleg innsikt og erfaring i meistring av krisereaksjonar. Gjennom samtalar blir pasient, pårørande og medarbeidarar hjelpt til å takle dei psykiske påkjenningar ein slik situasjon kan innebere.​

Les meir: Informasjon til besøkande ved Brannskadeavdelinga

Oppfølging av brannskadde

BSA har ein poliklinikk som årleg har ca. 250 konsultasjonar. Eit tverrfagleg team frå brannskaden tar hand om den polikliniske behandlinga.

Erfaringane frå poliklinikken har vist at pasientane treng oppfølging over fleire år, både med tanke på rekonstruksjonar, arrbehandling og psykiske reaksjonar etter skaden. ​

Les meir: Informasjon til pasientar ved Brannskadeavdelinga

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.