Førstehjelp ved brannskade

Kva gjer du når eit barn har fått ein brannskade? Skadar kan variere i omfang og storleik. Her finn du ei oversikt over kva du må gjere om barnet har fått ein brannskade.

  • Avkjøl straks det skadde området med kjølig vatn (ikkje iskaldt). Start med ein gang - ikkje bruk tid på å fjerne klede først. Dette er med på å hindre djupare skadar og verkar smertelindrande.
  • Fjern deretter kleda i området. Klede som sit fast treng ikkje fjernast.
  • Fortset avkjølinga i maksimalt 20 minutt, etter kvart med litt varmare vatn som er meir behageleg for barnet.
  • Pass på at barnet ikkje blir nedkjølt. Kjøl ned skaden - ikkje barnet!
  • Fjern ringar og gjenstandar som strammar rundt huda. Skaden vil føre til hevelse, og slike gjenstandar kan hindre blodsirkulasjonen.
  • Dekk det skadde området med reine, tørre eller lett fukta klutar eller handklede. Alternativt kan området dekkast med vanleg plastfolie som ein bruker på kjøkkenet, og deretter eit tørt handklede eller liknande til å halde plastfolien på plass.
  • Kontakt lege ved alle større skadar eller dersom du er usikker på korleis du skal handtere skaden.