Førebygging av skåldingsskadar hos små barn

Er du lege, jordmor eller helsesøster? Eller høyrer du til ei anna yrkesgruppe som arbeider med barn?

​​​​Avdeling for plastikkirurgi og brannskade ved Haukeland universitetssjukehus opplever at talet på skåldingsskadar hos små barn er høgt.

Derfor har vi sett i gang prosjektet Førebygging av skåldingsskadar hos små barn.

Viktig førebygging

I dag veit vi at ulykker med varme væsker frå koppar, vasskokarar, kaffitraktarar og vasskraner er dei mest vanlige årsakene til skåldingsskadar hos små barn.

Vi ønskjer med prosjektet Førebygging av skåldingsskadar hos små barn å auke forståinga for kvifor og korleis skåldingsskadar hos små barn oppstår.

Samstundes vil vi undersøke kva løysingar og førebyggande tiltak som finst i dag, både på informasjons- og produktsida, og korleis det er mogleg å forbetre desse.

Til saman skal denne innsikta resultere i meir målretta og effektiv førebygging av slike skadar og auka sikkerheit for små barn. Målet med prosjektet er ein sterk reduksjon i talet på skåldingsskadar hos små barn i Norge.

Tverrfagleg samarbeidsprosjekt

Prosjektet er i regi av Avdeling for plastikkirurgi og brannskade ved Haukeland universitetssjukehus, i samarbeid med Bergen Teknologioverføring (BTO) og Bergen legevakt. Prosjektet har støtte frå det nasjonale kompetansenettverket InnoMed.

Prosjektgruppa har ei tverrfaglig samansetning, og består mellom anna av fastlege, helsesøster, jordmor, overlege og sjukepleiar.