Førebygging av brannskadar

Foreldre og andre omsorgspersonar blir ofte overraska over kor omfattande brannskadar barna kan få. Dei kan slite med skuldkjensle i lang tid etter hendinga. Derfor er det viktig å trappe opp arbeidet med å førebygge brannskadar hos barn.

10 enkle og førebyggande tiltak

  1. ​Unngå varm drikke når du har barnet på fanget.
  2. Koppar, kanner, gryter og liknande med varmt innhald bør plasserast utanfor barnets rekkevidde.
  3. Unngå duk på bordet med små barn til stades. Små barn liker å dra i ting.
  4. Plassér vasskokar eller kaffitraktar på ein sikker stad utanfor rekkevidde for barnet. Vér sikker på at barnet ikkje får tak i leidninga.
  5. Tøm ut kokt vatn som ikkje blir brukt frå vasskokaren.
  6. Installér vasskranar med barnesikring og justér ned temperaturen på blandebatteriet.
  7. Hald alltid barn under oppsikt når det er i nærleiken av kranar på kjøkken og baderom. I badekar kan skaden fort bli stor fordi barnet ikkje kjem seg unna om han / ho har klart å opne krana for varmt vatn.
  8. Kontrollér alltid temperaturen på badevatnet. Barnet si hud er tynnare og toler mindre før ho blir skada.
  9. Bruk vern rundt varmekjelder som komfyr, omn og peis.
  10. Oppbevar fyrstikkar og lighterar utanfor barnets rekkevidde.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.