Barn og brannskade

Ein av tre pasientar på Brannskadeavsnittet er barn under skulealder. Barn under 3 år er kraftig overrepresentert blant pasientar med brannskade.

​​​​​I denne alderen vil barnet gjerne utforske, ta på, klatre i og dra i ting. Eit kort sekund utan merksemd kan vere nok til at uhellet skjer.

Det kan vere ei traumatisk oppleving for både barn og foreldre når barnet får ein brannskade. Skadar hos barn skjer raskt. Dei har tynnare hud enn vaksne, og er derfor meir utsette. Skadane blir ofte meir alvorlege når dei oppstår.

Slik kan du førebygge

Kva gjer du når skaden har skjedd?

Skåldingsskadar

Når eit barn får varm væske over seg, blir det kalla ein skåldingsskade. Dette kan fort skje om eit barn til dømes får tak i leidningar til ein vasskokar med varmt vatn. Barn kan få varm kaffi eller te over seg frå krus eller presskanne, dei kan velte bollar eller gryter med varmt innhald eller få varmt vatn over seg frå varmtvasskraner på kjøkken og baderom.

Kontaktskadar

Ei anna skadeårsak hos barn er direkte kontakt med varme kjelder, det ein kallar kontaktskadar. Det er til dømes barn som tar på varme omnar og peisar, eller legg neven ned på kokeplata. Ofte er dette barn som nettopp har lært seg å gå, og som støttar seg ulike stader.

Barn har ikkje like godt utvikla refleksar som vaksne, så dei trekker ikkje nødvendigvis hendene til seg like fort om dei kjenner smerte. Dette kan føre til ein brannskade inni handflata som er liten i storleik, men som bruker lang tid på å gro. Nokre gangar må ein operere slike skadar, og nokre kan få seinskadar i handfunksjonen.

Førebygging

Nær sagt alle brannskadar hos små barn kan førebyggast. Det er viktig at vi gjer alt vi kan for å unngå brannskadar hos barn. Les meir om kva du kan gjere for å førebygge i heimen og andre plassar.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.