Utskriving

Kva skjer etter du er skriven ut frå Avdeling for gastro- og akuttkirurgi?

For ein del pasientar er det behov for oppfølging etter utskriving. Da vil vedkommande få innkalling til poliklinisk kontroll.

Svar på prøvar

Mange pasientar er friske nok til å reise heim etter fullført behandling sjølv om vi ikkje har svara på alle undersøkingane som er sett i gang. Det kan gjerne ta eit par veker før alle svara er klare. 

Vi ordnar time til konsultasjon og samtale med lege  på poliklinikken så snart svara er komen. Pasientane vil då bli nærare orientert om kva som er funne, og få råd om kva dei skal gjere vidare.

Etterkontroll

Når vi kallar pasientar inn til etterkontroll er det fordi vi ønskjer å vite korleis behandlinga har verka for vedkommande. Vi vil gjerne vite om alt fungerer greitt etter behandlinga, eller om det er behov for supplerande behandling. 

For visse sjukdomsgrupper har vi organisert bestemte opplegg for når og kva slags undersøkingar vi ønskjer gjennomført etter utskriving. Dette gjeld både pasientar som er operert for kreftsvulst og pasientar med andre bestemte lidingar.