Systematisk oppfølging

Systematisk oppfølging etter kurativ behandling av kreft i colon og rectum.

Gastrokirurgiske legar ved Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sjukehus  har i fellesskap utarbeidd eit kontrollopplegg for pasientar med kreft i colon og rectum. Vi ønskjer tett samarbeid og god kommunikasjon med fastlegar for å sikre at våre pasientar får god behandling og oppfølging.

Siste oppdaterte resultat frå "Cochrane Database" viser at pasientar med strukturert oppfølging har høgare overleving  (Jeffrey M, Cochrane Database Syst Rev.2007). 

Pasientar med colorectal cancer skal i følgje nasjonale retningslinjer delta i eit systematisk etterkontrollprogram. Oppfølginga baserer seg på kliniske kontrollar, bildediagnostikk, biokjemi CEA og endoskopi.

Colorectal cancer  er den nest hyppigaste kreftdiagnosen blant menn (etter prostatakreft) og kvinner (etter brystkreft) i Noreg med 3500 nye tilfelle i 2007 Insidensraten aukar raskt og er større enn i andre skandinaviske land. 

Etter operasjon

Den første kontrollen etter operasjon blir gjort av kirurg. Her blir histologien vurdert og vidare behandling fastlagt. Ved indikasjon for adjuvant kjemoterapi må denne starte innan seks veker etter operasjon. Pasientar med stadium I (Dukes A) kan vurderast til ny coloskopi etter fem år. 

Pasientar som skal delta i kontrollprogrammet har desse stadium av kreft: 

  • Stadium II (T3,4 N0; Dukes B) lav risiko
  • Stadium III (alle T, N1,2; Dukes C) moderat risiko
  • Alder under 75 år (på individuelt grunnlag opp til 80 år) 

Pasientar som skal gå til spesialist i gastrokirurgi for kontroll: 

  • Høgrisikopasientar og unge pasientar med kreft i colon 
  • Rectal cancer stadium II og III 

Pasientar som skal gå til fastlege for kontroll:  

  • Pasientar med colon cancer med lav og moderat risiko 
  • Pasientar med rectum cancer etter tre år
     
Anbefalt kontrolloppleg g for pasientar som har colorectal kreft
6 mndCEACT abdomen-bekken
12 mndCEACT abdomen/leverCT thorax 
18 mndCEAUL lever
24 mndCEACT abdomen/lever CT thorax 
30 mndCEAUL lever
36 mndCEACT abdomen/leverCT thorax 
48 mndCEACT abdomen/lever Coloscopi eller CT colografi
60 mndCEACT abdomen/lever CT thorax 


 

Klinisk kontroll

Vektlegg anamnese til dømes endra avføringsmønster, rektalbløding, sjukdomskjensle, smerter eller hoste.

CEA kan berre bli brukt til preoperativ prognosevurdering og til postoperativ oppfølging.

 

På grunn av lav sensitivitet er CEA (Carcinoem-bryonalt antigen) ikkje eigna til screening av colorectal kreft.  Hyppige årsaker til falsk positiv CEA kan vere røyking eller leversjukdommar. Den aktuelle CEA-verdien samanliknas med postoperative verdiar. Stigning med faktor 3 eller meir gir mistanke om residiv eller metastase.

CEA er beskrive allereie i 1965 og er mest brukt i oppfølging av colorectal kreft (Gold J, J Exp Med 1965).  Men berre 40- 50 prosent av pasientar har preoperativ auka CEA (>5ng/ml) (Wang W, Jpn J Clin Oncol 2000) og talet på førekomst aukar med stadium (Dukes A, B, C, D: 3, 25, 45, 65 prosent) (Landenson JH,  Clin Chem1980). 

Bildediagnostikk 

Bildediagnostikk er retta mot dei hyppigaste lokalisasjonar for metastasar (lever, lunge) og baserast på ultralyd lever med kontrast, lavdose CT- thorax og CT lever/ abdomen. 


Ultralyd

Nasjonale rettningslinjer anbefaler ultralyd lever med kontrast. Dette er i midlertid ikkje tilgjengeleg alle stader.

CT lever/abdomen

Er et godt alternativ dersom kontrastforsterka ultralyd ikkje er tilgjengeleg.

Colonutredning

Utredning av colon blir gjort med coloskopi eller CT colon.

Overlevingsrate

Overlevingsraten, som har auka dei siste 40 åra, er sterkt avhengig av grad og spreiing ved diagnosetidspunkt. Total fem års relativ overleving ligg på rundt 60 prosent. Fem års relativ overleving i stadium II, 90 %  III  70% og IV ligg rundt 10 prosent (Cancer in Norway 2007).  

Den hyppigaste lokalisasjon av metastasar er levera med mellom 15-20 prosent i løpet av 5 år (Manfredi S, Ann Surg 2006, Nasjonalt handlingsprogram).

Sjå også Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for diagnostikk, behandling og oppfølging av kreft i tykktarm og endetarm.

Informasjon frå Helsedirektoratet