Planlagt innlegging

Ved planlagt innlegging blir du kalla inn til vidare behandling på sjukehuset, som oftast per brev.

 

Det er fastlegen eller en spesialistlege som tilviser deg til avdelinga.

Dagen før operasjon

Den første dagen du møter kallar vi innleggingsdagen. Det er den dagen som går med til få førebu deg til operasjonen. Du har fått ein egen dato for når sjølve operasjonen finn stad, som er planlagt operasjonsdag.

Innleggingsdagen vil det bli ein del venting. Når du er ferdig drar du på permisjon og søv heime eller på pasienthotellet til operasjonsdagen. Du møter opp på

Kirurgisk mottak/dageining i Sentralblokka 2. etasje.
Frå Ekspedisjonen på Kirurgisk klinikk følgjer du rød stripe i golvet til venterom nr. 2. Ta kontakt med dei i skranken ved Kirurgisk mottak/dageining.

Kontakt oss på telefon så snart som muleg dersom du:

  1. Må endre dagen for innlegging eller er blitt sjuk.
  2. Har vært i utlandet og fått medisinsk- eller tannlegebehandling

Operasjonsdagen

Du møter på avdelinga klokken 07.00. Du blir klargjort av sjukepleiar og kjørt til operasjonsavdelinga i rullestol eller seng.

Planlegg tida etter utskriving

Sidan du skal til planlagd operasjon, har du anledning å tenkje over om det er sannsynleg at du vil komme til å trenge hjelp etter utskriving frå sjukehuset.

I så fall kan vere ein fordel å sende søknad om heimetenester til kommunen i forkant av operasjonen.

Du får tilsendt søknadsskjema ved å ta kontakt med kommunen du bor i, eventuelt kan fastlegen din hjelpe deg å søke. Dersom det viser seg under opphaldet at du får behov for heimetenester vil vi hjelpe deg med å søke.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.