Om gastroenterologisk kirurgi

Vi brukar både tradisjonelle operasjonsmetodar og moderne minimalt invasive teknikkar. Kikkhullskirurgi er eit eksempel på minimal invasiv operasjonsmetode som blir brukt ved fjerning av galleblære, blindtarm og deler av tjukktarm.

Aktiviteten ved Avdeling for gastro- og akuttkirurgi er delt inn i følgjande område:

  • Akuttkirurgi
  • Seksjon for øvre gastroenterologisk kirurgi 
  • Seksjon for kolorektal gastroenterologisk kirurgi
  • Seksjon for barnekirurgi

Akuttkirurgi

Her undersøkjer og behandlar vi pasientar med akutt sjukdom som akutte magesmerter, blindtarmbetennelse, gallestein, tarmslyng eller betennelse i tjukktarm. ​

Seksjon for barnekirurgi

Dei vanlegaste diagnosene innen mage-tarm-kirurgi er blindtarmbetennelse, lyskebrokk, fimose, testisretensjon og vatnbrokk. Les meir på Barnekirurgen​ sine nettsider​

Seksjon for øvre gastroenterologisk kirurgi

Seksjonen har som hovudoppgåve å behandle sjukdommar i matrøyr(øsofagus), lever, bukspyttkjertel (pankreas) galle, magesekk (ventrikkel), tolvfingertarm(duodenum) og milt. Seksjonen tek også hand om pasientar med andre komplekse sjukdommar i matrøyr og gallevegar. Her blir også utført brokk-kirurgi. Les meir om øvre gastrokirurgi

​Seksjon for kolorektal gastroenterologisk kirurgi

Seksjonen er spesialisert på normale og kompliserte forandringar av tynn-/tjukk- og endetarm. Dei fleste pasientane blir behandla for kreft eller betennelse i tjukktarm eller endetarm. I tillegg behandlar vi pasientar som har avansert stadium av forstopping og ulike former for endetarmsplager som: Analfistel, analinkontinens, rectumprolaps og hemoroidar. Les meir om kolorektalkirurgi​

Faglege konferansar og samarbeidspartnarar

Gastro-patologimøte: Seksjonen har felles møte med gastroenterologane og patologane ein gong i veka der spesielle kasus blir diskutert.
Tverrfagleg kreftmøte: Pasientar med kreft blir drøfta i eit fellesmøte med kreftlegar og røntgenlege kvar tysdag og onsdag.

Sengepostar

Pasientar som blir lagt inn på øyeblikkeleg hjelp blir observert i første omgang på kirurgisk sengepost 3, mens planlagte innleggingar går til kirurgisk sengepost 1.​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.