Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kostråd før og etter tarmoperasjon

Vi får ofte spørsmål om kosthald frå pasientar som skal eller har gjennomgått ein tarmoperasjon. Her får du noken gode råd

En tallerken med mat
Før operasjon

Det er en fordel at du er godt ernært før operasjon. Prøv å finne næringsrik mat som passar for deg og ta multivitaminer.

Har du problemer med fordøyelse, er det best å halde seg unna mat som er; røkt, sterkt krydra, syrleg, grønsaker som dannar mykje gass, heile korn, bakevarar som er feite og deigete, kaffi, sterk te og alkohol. Et heller ikke for mykje kli.

Ja-mat ved dårleg fordøyelse

  • Kneipbrød, lyst grovbrød, knekkebrød og flatbrød
  • Kvitost, brunost, kokt skinke, servelat, leverpostei, kokt egg, reker, syltetøy og honning
  • Mager og halvfeit fisk, fiskemat og fiskepuddig
  • Mørt kjøtt utan fett, kjøttkaker og farse
  • Lettrømme, mild og mager saus
  • Kokte poteter og grønsaker
  • Kokt ris og pasta
  • Gulrot som er raspa i fine strimlar og bladsalat
  • Frukt som er kokt eller hermetisert er betre enn rå
  • Eit fint tilskot for mange er ulike produkt som er rik på protein. Her er det fleire ting å velje i både i daglegvarehandelen og på apotek

Etter operasjon

Generelt kan vi seie at ein kan ete normal, sunn mat. Det er likevel nokre som kan få plager ved inntak av einskilde matsortar og nokre vil ha varierande avføringsmønster ei tid etter operasjonen. Bruk dette som ei rettleiing og prøv deg fram for å finne kva som er riktig kost for deg.

Endra tarmflora

I forbindelse med ein tarmoperasjon får dei fleste antibiotika. Antibiotika reduserer tarmbakteriar og deira evne til å gi infeksjon, men tar også knekken på dei bakteriane som naturleg høyrer til i tarmen.  

Når det blir endring i samansetning av tarmbakteriane kan resultatet bli mykje luft, spesiell lukt av avføringa eller at avføringa har tynn konsistens.  Da kan det vere nyttig å drikke mjølk som tilfører bakteriar som er gode for tarmen, dette er for eksempel Cultura og Biola. 

Det er også mogleg å få tablettar med same funksjon (for eksempel Ido-form).

Samanvaksen tarm

Alle som er opererte i buken kan få samanvaksen tarm.  Det vil seie at  tarmen festar seg til arret i bukveggen eller tarmane festar seg til kvarandre. Dette kan gi  anfall av tarmslyng. 

Anfalla oppstår ofte hos einskilde, medan andre blir lite eller aldri plaga. Vi har inga god forklaring på kvifor nokon får meir tarmslyng enn andre etter operasjonen.
Dei fleste har fått tarmen skøytt saman under operasjonen, og i dette området kan det bli trong passasje i ettertid. For nokre fører det til tarmslyng. 

Ein kan prøve å unngå episodar med tarmslyng ved å vere forsiktig med ulike matsortar som ikkje blir skikkeleg fordøydde.

Dette gjeld:

  • sitrusfrukter som appelsin, mandarin, grapefrukt (saft frå fruktene kan du drikke)
  • ananas
  • asparges
  • skall på frukt og grønsaker
  • sopp
  • nøtter
  • stilkgrønsaker som rabarbra og stongselleri
  • stammer på grønsaker f.eks. på brokkoli og kål
  • grønsaker/bær som kjem ut utan å vere førdøydde, f.eks. mais og ripsbær
  • Ein del  av desse matsortane gir ikkje problem  når dei er moste eller du  tygg maten godt

Råd ved diare og forstopping

Dei fleste som har fått fjerna eit stykke av tarmen kan få endra avføringsmønster etter operasjonen. Sørg for å få informasjon frå legen før du forlet sjukehuset om kor i tarmsystemet du er operert og kor mykje som er fjerna. 

Kva som er gjort med tarmen under operasjonen kan få konsekvensar for korleis du reagerer på ulike matsortar og kva avføringsmønster du får i tida etter operasjonen.

Nokre månader etter operasjonen, vil kroppen «roe seg»  når  tarmen har tilpassa seg den nye situasjonen. Då vil du mest sannsynleg oppleve at du igjen kan begynne å ete den maten du reagerte på i starten.

Diare

Ved diaré er det viktig å drikke godt. Det er betre å drikke små slurkar utover dagen enn store mengder i ny og ne. Det kan også være nyttig å drikke saltholdige drikker som for eksempel buljong, Farris (rist ut kolsyra), eller sportsdrikk som inneheld både salt og sukker (Aquarius o.l.)

Mat ein bør unngå ved diare:

  • Feit mat
  • Koffeinhaldige drikker
  • Kunstig søtstoff
  • Frukt og grønsaker med høgt fiberinnhald


Mat som kan vere med på å gjere avføring fastare er:

  • Lyst brød
  • Ris
  • Pasta
  • Bananpure
  • Gulrotpure
  • Havresuppe
  • Byggrynsuppe
  • Saltstenger
  • Marshmallow (snop)

Forstopping

  • Spis regelmessig, 3 – 4  måltid pr. dag.
  • Drikk rikeleg
  • Et frukt og grønsaker
  • Mosjoner regelmessig

To teskeier med kveitekli to gonger for dagen hjelper å halde avføringa mjuk. Kveitekli stimulerer tarmen til å fungere godt.  

Dersom du veit at du ikkje klarer å få i deg nok fiber finst det medikament som påverkar avføringskonsistensen, for eksempel Duphalac, Laktulose, Levolac, Vi-Siblin, Lunelax m.fl. Spør beteninga på apoteket.

Sist oppdatert 21.09.2016