Skabb

Skabb er ein midd som lever og legg egg i gongar som han grev i det øvste hudlaget.

Her kan du sjå korleis dette skal behandlast.

dame klør seg på hånden

Korleis smittar Skabb?

Skabb kan smitte ved direkte hudkontakt, ved seksuell kontakt og i einskilde tilfelle via tekstilar. Midden trivst best i varmt miljø som til dømes i ei seng. Lege kan stille diagnosen ved å finne skabbmidden i huda og påvise han i mikroskop. Skabbmidden måler 0,3-0,5mm.

Last ned brosjyre om skabb

Symptom

Det vanlegaste symptomet er sterk kløe som hjå dei fleste blir verre om kvelden og om natta. Kløen startar som regel 4-5 veker etter smitte. Ein kan ikkje sjå sjølve skabbmidden utan mikroskop, men dei fleste får eit raudt utslett, oftast mellom fingrane, på handledda, olbogane, rundt midja, på låra og kjønnsorgana.

Behandling

Ved mistanke om skabb bør du kontakte lege som kan finne skabbmidd og stille diagnosen. Nix krem 5 % får du kjøpt reseptfritt på apoteket. Barn over 2 månader og gravide kan også bruke Nix krem.

Korleis gjer du det? 

  • Det er lurt å starte behandlinga om kvelden.
  • Dusj eller ta eit bad og tørk deg godt. 
  • Smør middelet på i eit tynt lag over heile kroppen frå hårfeste til fotsolar. Hugs å smørje mellom fingrar og tær, under negler, i armholer, navle, brystvortene, kjønnsdelane og omkring endetarmen. 
  • Bruk bomullshanskar (kan kjøpast på apotek) den tida behandlinga varer. Dersom du må vaske hendene i løpet av behandlingstida, må hendene smørjast inn på nytt.
  • Etter at du har smurt deg inn, byter du sengetøy. Ta på deg reint undertøy/nattøy og ha det på deg til neste dag (minimum 18 timar). 
  • Dagen etter dusjar eller badar du på nytt og byter undertøy og sengetøy. 
  • Gjenta behandlinga med Nix krem etter ei veke! Følg same prosedyre med å skifte klede og sengetøy.

Er det meir som må vaskast? 

Klede/sko/sengetøy/ handklede du har brukt siste 7 dagar må vaskast på 60 °C. Det som ikkje toler så høg temperatur, kan du legge i frysaren i minimum 5 timar, eller pakke i plastposar og la ligge i minimum 7 døgn. Madrassar skal stå ubrukt i minst 7 døgn. Sofa skal støvsugast. I klede eller sengetøy som ikkje har vore brukt dei siste 7 dagane, vil midden døy av seg sjølv. Mobil/pc/gaming-konsoll skal reingjerast med dertil eigna reingjeringsmiddel dagleg.

illustrasjon av vaskeprosessen

Må andre i familien få behandling?

Personar du har nærkontakt med bør behandlast sjølv om dei ikkje klør. Med nærkontakt meiner vi dei du har delt sengetøy, klede o.l. med. Alle i husstanden bør ta behandling på same tid .

Kan Skabb smitte frå menneske til husdyr? 

Nei.

Kan eg vere sikker på at jeg ikkje har Skabb lenger? 

Det er vanleg å klø i fleire veker, sjølv om behandlinga har vore effektiv. Dersom du klør mykje etter Nix-behandlinga, kan du bruke ein svak kortisonsalve som du får kjøpt på apotek utan resept. Dersom du mistenkjer at du ikkje har vorte frisk, må du oppsøkje lege på nytt.

Lykke til!

Har du spørsmål, kan du vende deg til fastlegen eller Folkehelseinstituttets informasjonssider.

Fann du det du leita etter?