Heimetest for klamydia og gonoré

Test deg gratis heime. Du kan vere smitta utan å vite det.

 

Bestill​ gratis prøveutstyr f​or klamydia- og gonorétest


Bestillinga går trygt via helsenorge.no.

Når du har registrert deg, får du tilsendt prøveutstyr og informasjon i ein diskret konvolutt innen ei veke. Hugs å merk postkassa di med namnet ditt, slik at prøveutstyret kjem fram.

Er du under 16 år må du kontakte oss på telefon 55 97 39 62.

Slik tar du prøven


Kvinner: Korleis ta klamydia- eller gonoréprøve frå skjeden (pdf)Menn: Korleis ta urinprøve til klamydia- eller gonorétest (pdf)

Slik sender du inn prøven

Prøven sender du tilbake til avdeling for seksuelt overførbare infeksjons­sjukdommar (SOI)​ i vedlagt adressert konvolutt. Du må sjølv betale porto på retursendinga. Du kan også levere direkte på poliklinikken.

Ring for å få svar

Ti dagar etter du har sendt inn prøven, ring 55 97 39 62 for å få resultat. 

Behandling

Dersom du får påvist klamydia eller gonoré med heimetesten, må du møte hos oss på SOI-poliklinikken eller kontakte fastlegen din for å få behandling. 
Tilbodet om gratis heimetesting av klamydia og gonoré gjeld difor berre for deg som bur så nær Bergen at du kan møte på Haukeland universitetssjukehus for å få behandling. 

Nyttige lenker

Informasjon om sex og helse på flere språk - Folkehelseinstituttet Patient information about sexually transmitted infections - British Association for Sexual Health and HIV (BASHH) Pasientinformasjon om seksuelt overførbare infeksjonar - IUSTI (International union against sexually transmitted infections) IUSTI guidelines - informasjon til helsepersonell​​
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.