1 av 3 hiv-smitta veit ikkje om det

I Noreg vart det i 2013 påvist 233 nye hiv-tilfelle. Tidleg diagnose ved hiv-infeksjon har stor tyding for å kunne bli tilbode effektiv behandling og hindre vidare smittespreiing. Alle som har vore i ein risikosituasjon for hiv-smitte bør ta ein hiv-test.

 
​I Noreg vart det i 2013 påvist 233 nye hiv-tilfelle. I Bergen var talet ca. 20. Framleis reknar ein med at 1 av 3 hiv-smitta i Europa ikkje kjenner til hiv-statusen sin. Ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet er minst 500-700 personar i Noreg hiv-smitta utan å vite det.


Kan du vere smitta?

Alle kan bli smitta med hiv. Det som avgjer om ein bør ta ein hiv-test er om ein har utsett seg for smitterisiko, uansett om ein har symptom eller teikn på hiv-smitte eller ikkje.

Anbefalinga gjeld spesielt viss ein har hatt ubeskytta sex med nokon i risikoutsette grupper. 


Risikoutsette grupper er:

  • menneske som bur i eller kjem frå land der hiv er utbreidd
  • menn som har sex med menn
  • injiserande misbrukarar
  • personar som har hatt sex med personar i gruppene ovanfor
Det kan vere vanskeleg å vurdere om ein har vore utsett for smitterisiko. Alle bør tenke gjennom om dei ein gong kan ha utsett seg for smitterisiko for hiv og eventuelt teste seg. 


Kvifor er det viktig å vite hiv-statusen sin?

For det første blir den som er smitta følgd opp med regelmessige kontrollar og får tilbod om behandling når han / ho har behov for det før sjukdomen får utvikle seg og gje alvorlege komplikasjonar. 
For det andre er det mindre risiko for å smitte andre når ein kjenner til  sin eigen hiv-status.  ​
 

Slik kan du teste deg

– Alle kan bli smitta med hiv. Det som avgjer om ein bør ta ein hiv-test er om ein har utsett seg for smitterisiko, uansett om ein har symptom eller teikn på hivsmitte eller ikkje, seier seksjonsoverlege Turid Thune ved Hudavdelinga.


I Bergen kan ein møte på Poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar ved Hudavdelinga på Haukeland for å få testa seg. Poliklinikken er open frå 09.00 til 14.00 alle kvardagar. Ein kan også gå til fastlegen sin og be om å bli testa. ​

Symptom og diagnose


  • ​50–70 prosent får symptom på hiv-infeksjon 2–4 veker etter smitte. Dette blir kalla akutt eller primær hiv-infeksjon.
  • Vanlege symptom er feber, vondt i halsen, forstørra lymfeknutar, utslett, muskel- og leddsmerter. Symptoma kan minne om influensa og mononukleose («kyssesjuke») og varer oftast 2–3 veker. Etter denne fasen forsvinn symptoma og personen føler seg heilt frisk.
  • Infeksjon med hiv blir vanlegvis diagnostisert ved ein blodprøve. Ved dei nye hiv-testane som vart tatt i bruk i 2003, kan eventuell smitte påvisast så tidleg som 1-2 veker etter at ein har vore utsett for smitterisiko. Hurtigtestar for hiv er i bruk ved enkelte spesialklinikkar.
  • Den viktigaste smittemåten er ved seksuell kontakt der ein av partane er smitta. Det viktigaste førebyggande tiltaket er derfor bruk av kondom ved vaginalt og analt samleie og ved munnsex.
Kjelde: Folkehelseinstituttet

Fakta om HIV

Hiv (humant immunsviktvirus) er eit virus som medfører svekking av immunforsvaret slik at kroppen er meir mottakeleg for infeksjonar og sjukdom.

Aids (erverva immunsvikt syndrom) er diagnosen som blir brukt ved langtkomen hivinfeksjon med komplikasjonar.

Hiv finst i kroppsvæsker hos den som er smitta. Dei kroppsvæskene som inneheld nok virus til å overføre smitte er blod, sæd, skjedesekret og morsmjølk. Andre kroppsvæsker (sveitte, tårer, spytt, urin) inneheld ei uvesentleg mengde virus og medfører i praksis ingen smitterisiko.

Seksuell kontakt er den vanlegaste smittemåten.