Hudavdelinga sengepost

Hudavdelinga sengepost diagnostiserer og behandlar pasientar som treng å vere innlagt i sjukehus grunna dårleg funksjon, alvorleg sjukdom eller behov for høgspesialisert behandling. Vår sengepost er moderne og har 13 sengeplassar fordelt på enkelt- og dobbeltrom. Alle rom har eige bad/toalett.
Les meir om Hudavdelinga sengepost

Hudavdelinga sengepost

Ved Innleggelse ved Hudavdelinga si sengepost

På innleggingsdagen kan det bli noke ventetid. Dersom det er praktisk mogleg, er det fint om du møte opp rundt kl. 10. Når du kjem til avdelinga vil du bli tatt i mot av helsesekretær, sjukepleiar og lege.

Det er legevisitt kvar måndag og torsdag mellom kl. 08.30 og kl. 11.00. Alle må vere i avdelinga under legevisitten. Det er ikkje visitt i helga, men lege er tilgjengeleg på formiddagen ved behov. Lyspasientar får behandling av vakthavande lege i helga.

Lengda på opphaldet kan variere frå få dagar opptil fleire veker.

Til innlegging ved Hudavdelinga må du ta med:

  • Liste over alle medisinar du brukar
  • Namn på fastlege
  • Minst mogleg verdisaker (Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar)
  • Klede, toalettsaker, innesko osv.
  • Ver merksam på at for eksempel smørebehandling kan misfarge klede, ta derfor med eigna klede.

Einingsleiar

Reidun Dahl Andersen

Kontakt

Oppmøtestad
 3. etasje i Hudbygget
Telefon
55 97 39 21 / 55 97 39 22
måndag - fredag 08.00-15.00

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Parkering Hudbygget

​Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida pasientreisar.no for meir informasjon eller ring 05515.

Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få paringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Besøkstid Hudavdelinga sengepost

Kl. 17.00 - 20.00
Utanom denne tid ber vi om at du avtaler med personalet.

Førebuingar

  • Ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt bruker
  • Ver vennleg å opplyse om kven som er fastlegen din når du møter til undersøking / behandling hos oss
  • Har du frikort, ber vi om at du tar dette med og viser det til helsesekretæren i ekspedisjonen om du skal til poliklinisk undersøking

Innlegging i avdelinga

Det er lov til å bruke eigen mobiltelefon under opphaldet, men vi ber om at du viser omsyn til andre pasientar som ein deler rom med. Om du ønsker, kan du ta med eigen berbar PC som du kan kople til vårt gjestenett.

Skal du innleggast på sengepost eller pasienthotell må du ta med deg toalettsaker, klede, innesko o.l. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdisaker, så vi ber om at du ikkje tar med deg dette ved innlegging.

Du må gjerne ha med deg pårørande til utskrivingssamtale.

Måltider ved Hudavdelinga sin sengepost

Når du er pasient på sengeposten vår er det det fire måltid dagleg:

  • Frukost kvardagear kl. 08.00 - 09.00. Laurdag og sundag kl. 08.30 - 09.30.
  • Lunsj kl. 12.00 - 13.00
  • Middag kl. 16.00 - 17.00
  • Kvelds kl .19.00

Hudavdelinga har buffet kor alle måltid på sengeposten blir servert. Buffeten er bemanna på dagtid og kvardagar.

Tilvising

​For å bli utgreidd / behandla ved Hudavdelinga må ein bli tilvist av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising blir denne vurdert av seksjonsoverlege hos oss, og innan 10 verkedagar vil vi sende ut brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på dagpost / hotell eller sengepost.

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Ventetid

Ventetida varierer ut frå kor alvorleg sjukdommen er eller hastegrad, og vil variere frå pasient til pasient.

Om sjukdommen blir forverra i ventetida, er det viktig at du kontaktar fastlege / tilvisande lege. Fastlege / tilvisande lege må då sende utfyllande opplysningar til avdelinga som vil avgjere om ventetida skal endrast.

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​