Tidleg hjarterehabilitering

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har sidan desember 2007 tilbydd tidleg hjarterehabilitering for dei som har gjennomgått hjarteinfarkt eller har vore til utblokking for hjartekrampe (angina pectoris).

​Kvardagen er ofte annleis for dei som har hatt sitt første møte med akutt hjartesjukdom. Den første tida etter heimkomst kan vere vanskeleg å takle på eiga hand.Hjarterehabilitering har som mål å gi pasientane auka kunnskap om hjartesjukdommen og kva dei sjølve kan gjere for å unngå tilbakefall. 


I programmet ved Hjarterehabiliteringa får deltakarane delta i fysisk trening, undervisning, samtalar og rettleiing. Teamet består av både sjukepleiar, fysioterapeut og lege, som alle har spesialkompetanse på hjartesjukdom. Ernæringsfysiolog og andre helsefaglege yrkesgrupper deltar også på enkelte delar av kurset.

Målet er å hjelpe deltakarane til endringar som har positiv tyding for helsa, og motivere til å halde fram endringane etter at programmet er avslutta.

Deltakarane startar i hjarterehabiliteringsprogrammet om lag 1-2 veker etter sjukehusopphald. Programmet går over fem veker, to dagar i veka.