Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helsekompetanse har ein samanheng med risikofaktorar for koronar hjartesjukdom

Helsekompetanse representerer kunnskap, sjølvtillit og motivasjon til å finna, forstå, vurdera, hugsa og bruka helseinformasjon. Ein ny artikkel frå CONCARDPCI-prosjektet viser at nøkkelaspektar ved helsekompetanse har ein samanheng med risikofaktorar for koronar hjartesjukdom etter utblokking av kransarteriar.

Publisert 23.08.2022

​​​Koronar hjartesjukdom er ofte forårsaka av risikofaktorar relatert til levevanar, slik som fysisk inaktivitet, røyking og overvekt. Vidare har psykologiske risikofaktorar, som angst og depresjon, vist seg å auka risikoen. Etter utblokking av kransarteriar er det viktig å redusera desse risikofaktorane for å førebyggja nye hendingar. Dessverre er det berre eit mindretal som klarar å gjennomføra slike endringar. Helsekompetanse, som skal gjera pasientane i stand til å forstå helseinformasjon og gjennomføra åtferdsendringar, spiller ein viktig rolle. Pasientar med koronar hjartesjukdom har vist å ha eit lågt nivå av helsekompetanse i internasjonale studiar. Låg helsekompetanse er òg vist å ha samanheng med dårligare helseutkomme ved hjartesjukdom.

PhD-stipendiat Gunhild Brørs og medforfattarar har publisert ein artikkel om samanhengen mellom helsekompetanse og risikofaktorar for koronar hjartesjukdom hos pasientar etter utblokking av kransarteriar i The American Journal of Cardiology. Artikkelen er skrive med data frå CONCARDPCI-prosjektet som har inkludert over 3400 pasientar frå norske og danske universitetssjukehus. 

Hovudfunn frå studien

Resultat frå studien indikerer at pasientar med lågare nivå av helsekompetanse var mindre fysisk aktive, røykte og hadde høgare kroppsmasseindex (KMI). Vidare hadde pasientar med lågare nivå av helsekompetanse meir symptom på angst og depresjon. 

Seks månader etter utblokking av kransarteriane, auka pasientane antal minutt med fysisk aktivitet i veka, men trass i dette hadde dei framleis eit lågt aktivitetsnivå. Vidare slutta fleire å røyka, og symptom på angst og depresjon vart mindre. Studien fann ingen relasjon mellom helsekompetansenivå og endringane i fysisk aktivitet og røykeslutt. Derimot vart det sett at helsekompetanse hadde samanheng på endring i symptom på depresjon. Dette kan ha bakgrunn i at dei med lågare helsekompetanse hadde høgare grad av symptom på depresjon ved innlegginga og etter seks månaders oppfølging. 

Resultata indikerer at lågt nivå av helsekompetanse har samanheng med auka grad av risikofaktorar for koronar hjartesjukdom. Studien har dermed bidrege med viktig kunnskap i arbeidet med å forbetra oppfølging av pasientar med risikofaktorar for koronar hjartesjukdom. Det underbyggjer at helsepersonell i høgare grad må individualisera helseinformasjon, slik at pasientane med lågare nivå av helsekompetanse kan få auka mogligheit til å gjennomføra endring og tiltak for å redusera risikofaktorar for koronar hjartesjukdom. 

Les artikkelen i the American Journal of Cardiology