HELSENORGE

eHjerteRehab presentert for sjukehusleiinga

Prosjektleiar professor Tone M Norekvål fikk nyleg moglegheit til å presentere eHjerteRehab på Nivå 2/3-leiarmøte i Helse Bergen. På møtet blei det presentert korleis helsehjelp kan gis på nytt vis og kvifor dette er viktig.

Hjarterehabilitering er ein klasse 1a anbefaling i internasjonale retningslinje. Hjarterehabilitering er vist å reduserer mortalitet, reinleggingar og psykologisk stress, samt betre eigenmestring, helserelatert livskvalitet og fysisk kapasitet hos pasientar med koronar hjartesjukdom. I Noreg er vi ikkje rigga for å tilby hjarterehabilitering til alle som har indikasjon for det.

eHjerteRehab møter rehabiliteringsbehova til store pasientgrupper. Gjennom eHjerteRehab kan vi tilby eit persontilpassa og skreddarsydd program for pasientar som har gjennomgått utblokking av hjartets kransårer (PCI). Dette vil styrke pasientane si evne til å ta styring over eiga helse og gjera nødvendige livsstilsendringar for å førebygge nye hjartehendingar.


Les meir om prosjektet eHjerterehab