Hotellet har 178 velutstyrte rom. Samtlege rom har eige bad, telefon, kjøleskap, TV og gratis trådlaus internettilgang.
På vårt hotell skal du som gjest vere trygg og føle deg vel. Vi har tilsette med solid sjukepleiefagleg bakgrunn som er til stades i resepsjonen døgnet rundt. Alle våre rom har to nødalarmar direkte knytta til sjukepleiar i resepsjonen.
Vi ønsker å skape eit miljø der gjestar kan trivast og føle seg heime. På hotellet sit vi tryggleik og komfort i høysetet, og vi har fokus på valfridom, sosialt fellesskap, meiningsfull fritid, forståing og omtanke og tryggleik.
Pasientar som ikkje har behov for å vere på sjukehus med 24-timars tilsyn og pleie, vil få eit godt og trygt botilbod hos oss. Pårørande kan vere med og bu saman med pasienten for å gjere sjukehusopphaldet betre og tryggare.
Dekking av hotellutgifter
Pårørande som er kalla inn av sjukehuset som eit ledd i behandlinga av pasienten, skal ikkje betale for opphaldet på hotellet. Det er behandlande lege ved Haukeland universitetssjukehus som avgjer om pårørande får dekka opphaldet.
Kvilerom
Kvilerommet ligg i 1. etasje på hotellet og kan nyttast av alle gjestane våre. Rommet er utstyrt med kvilestolar. Her finn du også bøker til utlån.
Leikerom
Leikerom for dei minste borna ligg i 1. etasje på hotellet.
Trimrom
Hotellet har eige trimrom og solarium i underetasjen.
Haukeland Medispa
Mattilbod
Hotellet har eige kjøkken og alle faste måltid blir servert frå ein buffé i spisesalen. I tillegg er kaféen og kiosken vår open døgnet rundt.
På Haukeland hotell har vi ein triveleg spisesal for gjestane og deira besøkande. Her serverer vi eit variert utval av rettar og spesialdiettar.
Alle våre faste måltid blir servert frå buffé i spisesalen. Hotellet har eige kjøkken og menyen vår tar utgangspunkt i sunne råvarar, variasjon og kvalitet. Vi har fleire valgmogelegheiter ved kvart måltid.
Opningstider
Frukost
Måndag-fredag kl. 07.00-09.00
Laurdag-søndag kl. 08.00-10.00
Lunsj
Måndag-fredag kl. 11.30-13.00
Middag
Måndag-fredag kl. 16.30-18.00
Laurdag-søndag kl. 14.30-16.00
Kvelds
Måndag-søndag kl. 19.30-20.30
Kafé og kiosk
Vår kafé og kiosk er døgnopen. Her kan vi by på eit variert utval av kaffi / te, mineralvatn, påsmurd mat, kaker, aviser, hygieneartiklar og vekeblad.
Møter og selskap
Møtelokale
Haukeland hotell har fire kurslokale i ulike storleikar i Villa Ingebjørg. Her har vi mogelegheit for å arrangere kurs for inntil 50 personar.
Serviceinnstilte kursvertar vil til einkvar tid sørge for at kursdeltakarane har alt dei treng. Alle tekniske fasilitetar og utstyr er fritt tilgjengeleg.
Selskapslokale
I selskapslokalet vårt «Stuene» kan vi arrangere selskap for inntil 80 personar. Haukeland hotell har alle rettigheiter.
Kontakt oss på telefon 55 20 93 74