Smittevern

Hovudmålet med smittevernarbeid i sjukehus er å redusere risiko for smittespreiing, førekomst av helsetenesteassosierte infeksjonar og å bidra til rett bruk av antibiotika.

Foto
 

Seksjon for pasientsikkerheit har blant anna​​ ansvar for

  • at Smittevernhandboka (infeksjonskontrollprogrammet) er oppdatert
  • å bidra til implementering av Infeksjonskontrollprogrammet i sjukehuset
  • infeksjons- og antibiotikaregistrering
  • smittevernrådgjeving og oppfølging av kliniske avdelingar
  • deler av Pasienttryggleiksprogrammet som omhandlar infeksjonsforebygging
  • å bistå ved utbrot av smittsame tilstandar
  • smittevernrådgjevning ved nybygg og ombygging

Regionalt kompetansesenter for smittevern i Helse Vest er lagt til Seksjon for pasientsikkerheit. Kompetansesenteret samarbeider med Avdeling for mikrobiologi og immunologi. Senteret si viktigaste oppgåve er å koordinere og styrkje smittevernsamarbeidet mellom helseføretaka i Helse Vest.

MRSA testing av helsepersonell

Helsepersonell med pasientkontakt skal testast for MRSA (Meticillinresistente gule stafylokokker) dersom dei oppfyller kriteria.

Kriteriar for MRSA testing (pdf 324 kB) 

Studentar og hospitantar ved Haukeland universitetssjukehus avtaler prøvetaking på telefon 55 97 57 17. Prøvetaking føregår etter avtale tysdag til fredag kl. 08.30. 

Tilsette ved Haukeland universitetssjukehus avtaler prøvetaking hos bedriftshelsetenesta telefon 55 97 38 51. 

Test - bakteriar som kan vere motstandsdyktige mot antibiotika

Prøvetaking MRSA, VRE og ESBL - informasjon på fleire språk:

Antibiotikaresistente mikrobar