Regionalt nettverk for pasienterfaringsundersøkingar i Helse Vest

Pasienterfaringar og brukarmedverknad er lovregulert, og i St.meld. 16, Nasjonal helse- og Omsorgsplan blir det lagt vekt på at pasienterfaringar må få ein større plass når beslutningar om mellom anna behandling og pleie skal fattast innan helsevesenet.

Oppdragsdokumentet til Helse Vest RHF legg vekt på at spesialisthelsetenesta skal utviklast slik at ho i større grad sikrar pasientane sine behov, og slår fast at det skal leggjast vekt på brukarane sine erfaringar i utforminga av tenestetilbode.

Mellom anna som eit svar på dette blei Regionalt nettverk for pasienterfaringsundersøkingar i Helse Vest oppretta. Dette skjedde som ein del av Kvalitetssatsinga i Helse Vest og er vidareført i Program for pasienttryggleik i Helse Vest 2013-2018.

Mandat og oppgåver for det regionale nettverket og den einskilde nettverksmedlem

  • Nettverket skal kome med innspel til korleis ein kan auke satsinga på pasienterfaringsundersøkingar i regionen.
  • Nettverket skal gje råd til Helse Vest om kva for område ein bør gjennomføre undersøkingar for. Dette inneber å halde oversikt over nasjonale pasienterfaringsundersøkingar og å hente innspel frå fagområda og brukarutvala i regionen.
  • ​Nettverket skal halde oversikt over spørsmål som er brukte i brukarundersøkingar og gje råd om tenleg samansetting av spørsmål. Nettverket skal gje råd om vidareutvikling av spørjeskjema og metode for innhenting av brukarerfaringar, herunder:

Bidra i vidareutvikling av elektronisk verktøy.

  • ​Nettverket skal lage ei oppsummering av aktivitetane i nettverket og resultatet av brukarerfaringsundersøkingane til den 15.1. kvart år.
  • ​Den einskilde medlem i nettverket (som er representant for eit føretak) skal bidra i planlegging og tilrettelegging av årlege pasienterfaringsundersøkingar i eigen institusjon. Til dette hører å orientere tillitsvalde, verneombod og brukarrepresentantar.
  • Den einskilde medlem i nettverket (som er representant for eit føretak) skal førebu dei kliniske einingane der undersøkingane skal gjennomførast.
  • Den einskilde medlem i nettverket (som er representant for eit føretak) skal bistå i gjennomføring og analyse av undersøkinga.
  • ​Den einskilde medlem i nettverket (som er representant for eit føretak) lager rapport over undersøkingane til bruk i dei kliniske einingane i forbetringsarbeidet. Rapportane skal vere utgangspunkt for orienteringar om undersøkingane på føretaka sine nettsider

Organisering og arbeidsform

Nettverket er leia av ein representant frå Fagsenter for pasientrapporterte data i Helse Bergen. Nettverket har følgjande medlemmar:

  • 1-2 representantar frå kvart HF (representasjon frå somatikk og psykisk helsevern)
  • 1 representant frå kvar private ideelle institusjon (representasjon frå somatikk, psykisk helsevern og rusfeltet)
  • 1 representant for konserntillitsvalde
  • 2 brukarrepresentantar
  • 1 representant frå RHF

Nettverket har 2-4 møter i året for faglege og praktiske diskusjonar og avklaringar i samband med gjennomføring av brukarerfaringsundersøkingar. Leiinga kallar inn. Møta bør fortrinnsvis haldas elektronisk.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.