Personvernombod

Helse Bergen HF har eit eiga personvernombod. Ombodet gir råd og rettleiing om behandling av personopplysningar, det vil seie om innhenting, registrering, lagring, utlevering og sletting av slike opplysningar.

​​​​​Personvernombodet har fått delegert myndigheit frå Datatilsynet for å vurdere og tilrå behandling av personopplysningar i verksemda.

Dersom behandlinga krev konsesjon eller fritak frå teieplikta, skal personvernombodet se til at Datatilsynet, Helsedirektoratet og eventuelt andre instansar får oversendt nødvendige søknadar.

NB! Helseforskningsprosjekt skal ikkje meldast til personvernombodet.

Søknad skal derimot sendast til Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk for godkjenning.

Oppretting av kvalitetssikringsprosjekt, kasuistikker m.m. skal meldast til personvernombodet før oppstart.

Lurar du på noko?

Kontakt personvernombod Christer Kleppe

Forskingsrutinar