Team for digital læring

God kompetanse blant våre medarbeidarar er grunnlaget for kvalitet og tryggleik i helsearbeid. Gjennom bruk av digitale læringsressursar kan kompetansen aukast og vedlikehaldas på ein god og ressurseffektiv måte. Helse Vest har vore ein pionéri satsinga på e-læring i spesialisthelsetenesta, og Haukeland universitetssjukehus var det første sjukehuset i Noreg med digital læringsplattform for sine tilsette. Helse Vest sitt Team for digital læring har kompetanse innan pedagogikk,  grafisk utforming og teknisk utvikling. Vi muliggjer og kvalitetssikrar kurs frå byrjing til ferdigstilling. Målet er å underbygge Helse Vest sine kompetansemålsetningar.

Les meir om Team for digital læring

Team for digital læring

Vi spelar ei sentral rolle regionalt og har eit aktivt samarbeid med helseføretaka i Helse Vest. I tillegg samarbeider vi med kommunal sektor og dei andre Regionale helseføretaka.

Rådgiving

Korleis planlegge og utvikle eit undervisningsopplegg som sikrar ein tenkt læringseffekt?

Team for digital læring tilbyr heilskapleg rådgiving innan opplæring og digital pedagogikk, eksempelvis:

  • Korleis utarbeide ein opplæringsstrategi?
  • Korleis kartlegge eit opplæringsbehov (didaktisk analyse)?
  • Kva læringsform er best egna til mitt undervisningsopplegg og korleis kombinere ulike læringsformer?
  • Korleis nytte digitale verktøy for å styrke eit undervisningsopplegg?

Kursutvikling

Ordinær kursutvikling er ei teneste vi tilbyr for utvikling av skreddarsydd e-læring. Utviklingsprosjektet er eit samarbeid mellom Team for digital læring og dei enkelte faggruppene. Vår rolle inneber prosjektleiing, fasilitering, innhaldsutvikling og digital produksjon. Faggruppene har ansvar for å levere det faglege innhaldet.

Kursutviklingsprosessen gjennomførast over ein periode på fire til fem månader.

Søknadsfristen for ordinær kursutvikling er kvart år 5. mai og 5. november.

Kurslab

Kurslab er eit tilbod til faggrupper som ynskjer å utvikle eigne kurs med hjelp og støtte frå oss. I praksis betyr det at faggruppene sjølve har ansvaret for kursutviklingsprosessen. Vår rolle er å legge til rette for den lokale kursproduksjonen. Det inneber opplæring i metode og verktøy, oppfølging og rettleiing undervegs i prosessen.

Kurslab gjennomførast over ein periode på fire til fem månader.

Søknadsfristen for å søke om mulighet for kursutvikling er kvart år 5. mai og 5. november.

Kursbygger´n

Kursbygger’ner eit webbasert forfattarverktøy for utvikling av e-læringskurs. Verktøyet er utvikla og drifta av Helse Vest IKT, men har sitt utspring i Team for digital læring, der utviklinga starta tilbake i 2009.

I 2020 blir verktøyet tilgjengelig for dei andre regionale helseføretaka, som del av eit styrka nasjonalt samarbeid om digitale læringsressursar.

Kontakt oss dersom du har spørsmål, eller vil vite meir om forfattarverktøyet:
kursbyggeren@helse-vest.no

Læringsportalen

Læringsportalen er Helse Vest sin kursportal for e-lærings-og klasseromskurs. Portalen er for tilsette, studentar, pasientar og eksterne samarbeidspartnarar.

Team for digital læring er ansvarleg for utvikling og vedlikehald av kursportefølja. Vi er også kontaktpunkt for spørsmål knytt til dagleg drift.

laeringsportalen.no

Kontakt oss

Leder for Team for digital læring 
Truls Nytun

Spesialrådgjevar 
Rachael Tufft

Spesialrådgjevar 
Ingvild Vikesund Peason

Rådgjevar 
Ronja Ommang Skaathun

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad
Jørgen Sandbergs hus, 2. etasje
Jørgen Sandbergs hus
Besøksadresse
Jonas Lies vei 73 (Rødt hus i sykehusparken)(Kart)
5021 Bergen

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Fann du det du leita etter?