Informasjon til brukerrepresentanter

Målgruppa for læringstilboda ved Lærings- og meistringssenteret (LMS) er personar som har ein kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne, og deira familie og venner.
LMS har som mål at brukarane skal få utvida innsikt om eiga situasjon og bli styrka i meistring av kvardagen.
LMS er forankra i verdiane om brukarmedverknad og sidestilling av brukarerfaring og fagkunnskap. Læringstilboda vert utvikla i nært samarbeid med dei ulike fagmiljøa på sjukehusa og brukarorganisasjonane.

Erfarne brukarar har viktig kunnskap om korleis det er å meistre kvardagen med ein kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetting. Erfarne brukarar kan og vere familie og andre pårørande. 

Både den faglege kunnskapen til helsepersonell og brukarane sin erfaringskunnskap er nødvendig for å utvikle gode læringstilbod. 

Rettleiing skal bidra til at enkeltmenneske gjer sjølvstendige val og får kraft til å meistre eigen livssituasjon. Brukarane sine erfaringar skal vere utgangspunktet for rettleiing og informasjon.

Brukermedverknad kan definerast som «aktiv deltagelse fra pasienter, pasientrepresentanter eller potensielle pasienter, i planlegging, overvåkning og utvikling av helsetilbud» (Crawford et al., 2002, s.1263). 

Gruppetilbod - tilboda på LMS er i grupper fordi læring er ein sosial prosess der deltakarane og lærer av kvarandre.  
Læring kan definerast som relativt varige endringar av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar.
Meistring dreier seg i stor grad om opplevinga av å ha krefter til å møte utfordringar og å ha kontroll over eige liv.
Ut frå denne forståinga har LMS utvikla ein standardisert samarbeidsmodell for å planlegge, gjennomføre og evaluere læringstilboda. 

Les brosjyren for brukarrepresentantar (pdf)

Brukarmedverknad

Læringstilbodet ved LMS skal ha brukarmedverknad i planlegging, gjennomføring og evaluering. Brukarar som deltek i dette arbeidet, på vegne av sin brukarorganisasjon eller pasientgruppe, har rett på honorar. 

Brukerhonorar Retningslinjer.pdf

Kompetansekurs

Kurset er for deg som deltek som brukarmedvirkar i utviklinga av lærings – og meistringstilbod i spesialist/kommunehelsetenesta, eller skal til med dette.

For helsepersonell

Kompetansepakkar_info_2017.pdf

Tilvisingsskjema for legar (pdf)Kompetansepakker 2017 (pdf)