Emergency medicine - simulation training

Vi vil med dette få ønskje deg hjarteleg velkommen til Haukeland universitetssjukehus og simuleringstrening for offshore helsepersonell. 
øvelse offshore
​Målet med kurset er at du skal bli betre rusta til å handtere akuttmedisinske situasjonar på arbeidsplassen din, slik at både du og kollegaene dine får ein tryggare arbeidsdag offshore.

Vi gler oss til du kjem og ser fram til nokre spennande dagar med simulering.

Kontakt
Dagleg leiar Marthe Alsaker Fjeldstad
Telefon: 55 97 33 97
Mobil: 988 55 950​

Førebuing til kurs

Du skal setje deg inn i lærestoffet før du møter på kurset. Førebuingane er rekna å ta omtrent ein arbeidsdag.
 Vi forventar at de er oppdaterte på dykkar eigne akuttmedisinske prosedyrar og kjenner til følgande utstyr:
  • Akuttsekk
  • Defibrillator
  • Nakkekrage
  • ”Back Board”
  • ”Sam-Sling”
Sjukepleiar

  1. Send kort beskrivelse av kasustikk/medisinsk senario på e-post til Senter for simulering og ferdighetstrening seinast 1 veke før kursstart.
  2. E-læring AHLR med eksamen på Norsk resuscitasjonsråd
  3. Påmelding til praktisk AHLR-kurs på NRR sin kursportal (Søk på Haukeland, som ønsket kurssted og finn rett dato for kurset) 
  4. Skriv ut kursbevis etter å ha bestått test. Ta med kursbevis på kurset. 
Førstehjelpar

  1. E-læring DHLR med eksamen på Norsk resuscitasjonsråd
  2. Skriv ut kursbevis etter å ha bestått test. Ta med kursbevis på kurset. 

Kurset

Simulering er ein metode innan opplæring av helsepersonell der deltakarane trener på verkelegheitsnære situasjonar dei kan møte i yrkessamanheng. 

Å handtere akuttmedisinske hendingar krev god kunnskapsbakgrunn, medisinsk-teknisk kompetanse, evne til problemløysing, evne til å fatte avgjersler og teamsamarbeid. 

Som sjukepleiarar og førstehjelparar vil de få trene på akutte hendingar som kan oppstå på dykkar arbeidsstad. 

For at treninga skal bli så reell som mogleg og at læringsutbyttet skal bli optimalt skal de utføre kvar prosedyre som i eit «ekte» tilfelle. 

Øvingane vil gå føre seg både ute i friluft og inne i eigna lokale for best mogleg å etterlikne din eigen jobbsituasjon.

Vi vil også leggje vekt på ABCD-handtering og at prosedyrar blir følgt i tråd med TR0819. 


PRINSIPP (CRM - crisis resource management)
I løpet av kurset går vi gjennom følgande prinsipp:

  1. Kjenn rammene og ressursane
  2. Sjå føre deg kva som kan skje og planlegg
  3. Be om hjelp tidleg
  4. Ver ein god leiar/deltakar
  5. Fordel arbeidsbyrda
  6. Mobiliser alle tilgjengelege ressursar
  7. Kommuniser effektivt
  8. Bruk all tilgjengeleg informasjon
  9. Førebygg og handter fikseringsfeil
  10. Dobbeltkontroller
  11. Bruk alle tilgjengelege hjelpemiddel
  12. Re-evaluer jamleg
  13. Bruk godt teamarbeid
  14. Hald fokus
  15. Prioriter fortløpande
Kursbevis
Alle som fullfører kurset mottar kursbevis.

Praktisk

Sidan vi skal drive litt av treninga i røffe omgivnader og delvis utandørs er det bra om du tar med solid skotøy og klede som toler litt (du får også kjeledress til å ha utanpå).

Det blir servert lunsj kvar dag.
Om du har matallergiar sett vi pris på om du gir oss beskjed, slik at vi kan tilrettelegge for dette.

Sikkerheit

Kursa blir avvikla på område med avgrensa tilgang/ tilgangskontroll og særskilde retningslinjer gjeld. 
Sikkerheitsinstruks for trening og opphald, under og ved heli-plattform / tekniske rom i 3. et. Sentralblokken:

Klede
Hjelm, vernetøy (kjeledress), hanskar og solid skotøy.
Du bør utvise varsemd og vere observant overfor høge trappetrinn, skarpe kantar, redusert takhøgde og lysgardar. Dei som oppheld seg i området må forhalde seg til følgande sikkerheitsreglar:

Down-wash
På helikopterdekket kan det vere sterk vind (down-wash) og fare for å bli skadd. Ved helikoptertrafikk (landing og take-off) er det ikkje tillate å opphalde seg under helikopterplattformen eller å stå / gå i trappa opp mot heli-plattformen.  Ein skal også alltid forhalde seg til tilvisingar frå sikkerheitspersonellet. 

Røyking
Det er ikkje tillate å røyke utanom dei tilviste stadane på heile sjukehusområdet. Der finst røykjerom på parkeringsdekket i Sentralblokka.

Brann / brannalarm
Ved teikn til brann eller andre situasjonar gi beskjed til gruppeleiar/instruktør og forsøk å setje i verk adekvate tiltak / evakuering.

Varsling
Dersom du ser noko du meiner kan vere ein sikkerheitstrussel sei straks frå til gruppeleiar/ instruktør eller ring 97-2222 (internt) / 55 972222 (eksternt).

Slik finn du oss

Kurset blir held i Senter for simulering og ferdighetstrening i 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus., Haukelandsveien 22, 5009 Bergen.

Kollektiv  
Buss til Haukeland universitetssjukehus, sør. Bybane til Kronstad holdeplass.

Tar du drosje?
Beregn god tid fordi trafikken erfaringsmessig er stor i rushtiden.

Parkering  
Publikumsplassar på parkeringsdekket i Sentralblokka. 
Fann du det du leita etter?