Senter for simulering og ferdighetstrening

Utviklinga går i retning av at den framtidige helsearbeidaren i endå større grad enn i dag må kunne dokumentere ferdigheiter og jobbe i team. Med det nye Senter for simulering og ferdighetstrening som stod ferdig i Sentralblokka august 2015, adresserer Haukeland universitetssjukehus denne utviklinga.

Vi i Senter for simulering og ferdighetstrening tilbyr lokale og utstyr for trening på praktiske kunnskapar innan blant anna hjarte-lungeredning (HLR), legge inn perifer venekanyle, arteriepunksjon, kateterinnlegging, gynekologiske undersøkingar med meir. Senteret har tre pasientsimulatorar (to vaksne og ein baby), og tre skopisimulatorar.

Fann du det du leita etter?