Telefonkonsultasjonar

Telefonkonsultasjon er ein telemedisinsk dialog som er enklel å bruke, og vil ofte vere eit fyrsteval viss pasient og behandlar ikkje treng å sjå kvarandre. Telefon kan vere eigna for synshemma.

ansatt med headsettSikkerheit/personvern

Teieplikt og personvern

På same måte som ved fysisk oppmøte, vil Helsepersonellova og Pasientrettigheitslova sine reglar om teieplikt vere styrande for sjølve samtalen og behandling av informasjon som kjem fram under samtalen. Relevante og nødvendige helseopplysningar skal journalførast på lik linje som om samtalen skulle gå føre seg ansikt til ansikt. Opplysningar om helsa di kan som hovudregel bli gitt til anna samarbeidande helsepersonell dersom dette er nødvendig for å gi deg god og forsvarleg helsehjelp (med mindre du som pasient set deg imot dette). Samtalen blir ikkje lagra verken på internett, eller på våre serverar.

Eigendel

Ved telefonkonsultasjon må du betale eigendel etter fastsett takst. Barn under 16 år betaler ikkje eigendel. Ved psykiatrisk behandling gjeld dette barn og ungdom under 18 år. Om telefonkonsultasjonen blir forsinka med meir enn ein time etter avtalt tid, og du som er pasient ikkje har fått melding om dette, skal du ikkje betale eigendel. Det vil berre bli tatt eigendel for telefonkonsultasjonar som erstattar frammøtekonsultasjonar dersom dette er ønskeleg og medisinsk forsvarleg. Eigendelen gjeld IKKJE telefonsamtalar av meir administrativ type, som til dømes å ringe til sjukehuset for å få eit svar på prøvar.

Les meir om gjeldande reglar for eigendel her:

Helsedirektoratet om eigendelarLovdata

Samtykkje

Sjukehuset skal informere deg om du vert innkalla, eller om timen din vert gjort om til ein telefonkonsultasjon.  Konsultasjonen skal vere planlagt i forkant, slik at du har moglegheit til å velje ei annan form for konsultasjon. Du gir dermed stillteiande samtykkje til telefonkonsultasjon, med mindre du aktivt tar kontakt med sjukehuset og reserverer deg mot dette. Du treng ikkje gje nokon grunn om du heller ønskjer konsultasjonen ansikt til ansikt. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for det vidare behandlingstilbodet ditt frå nokon instansar i helsevesenet. For å reservere deg kontaktar du poliklinikken du skal ha videokonsultasjon med (sjå kontaktinformasjon i innkallinga).

 

Praktiske instruksjonar

Dette treng du:

  • Ein fasttelefon, eller mobiltelefon som har nok batteri til ein lengre samtale.
  • Eit rom eller område kor du kan vere åleine, og ikkje risikerer at andre kjem inn og avbryt, eller kan høyre kva du og behandlaren seier.

Før møtet:

Hugs at dersom du bruker medisinar fast, er det viktig at du oppdaterer behandlar om eventuelle endringar når dei ringer deg. Om tidspunktet for konsultasjonen ikkje passar, må klinikken få beskjed om dette snarast.

Slik startar møtet:

Du vil få ei telefonoppringing frå poliklinikken. Ver då klar til å starte konsultasjonen når du svarar.  

«Køyrereglar» for telefonkonsultasjon

  1. Alle involverte må presentere seg. Dersom du har med ein ven/pårørande er det viktig at vedkomande blir presentert og er synleg for behandlaren. Det skal ikkje vere nokon i rommet som behandlar ikkje veit om, og behandlar skal heller ikkje ha nokon i rommet som du ikkje veit om. Behandlaren kan spørje om det er andre i huset eller bygningen der du er.
  2. Ingen av møtedeltakarane skal gjere opptak av samtalen. Behandlar dokumenterer som vanleg i din elektroniske journal. Denne er tilgjengeleg for deg på www.helsenorge.no.

Andre viktige moment

Hugs at behandlaren ikkje ser deg, og at det er annleis å snakke med ein person som ein ikkje kan sjå. Dersom du har noko informasjon som du tenkjer behandlar ikkje fangar opp, men burde vite om, er det viktig at du gir beskjed om dette.

 

Handtering av eventuelle problem

PROBLEMLØYSING
Det har skjedd ei forverring av helsa di som gjer at du er usikker på om telefonsamtale er riktigDu må ta kontakt med poliklinikken så snart som mogleg, sjå kontaktinformasjon i innkallinga.
Lege/sjukepleiar er forseinkaBehandlarar kan bli forseinka på same måte som på den vanlege poliklinikken. Dersom du ikkje kan vente, ta kontakt med poliklinikken og gi beskjed, sjå kontaktinformasjon i innkallinga. Om telefonkonsultasjonen blir forseinka med meir enn ein time etter avtalt tid, og du som er pasient ikkje har fått melding om dette, skal du ikkje betale eigendel.
Du er forseinkaTa kontakt med poliklinikken og gi beskjed, sjå kontaktinformasjon i innkallinga. Du kan risikere at konsultasjonen må utsetjast.
Du finn ikkje ein eigna plass å sitje i fredTa kontakt med poliklinikken og gi beskjed, sjå kontaktinformasjon i innkallinga. Du kan risikere at konsultasjonen må utsetjast.
Du klarer ikkje kople deg på møtet / lyd manglar / heile samtalen bryt undervegsDet kan hjelpe å leggje på og starte oppringing på nytt dersom du har tekniske problem. Om dette ikkje løysast i denne omgang, kan du risikere at konsultasjonen må utsetjast.
Nokon kjem inn i rommetGi beskjed til behandlaren at du ikkje lenger er åleine slik at samtalen blir sett på pause. Dersom mogleg, sørg for at du igjen får rommet for deg sjølv.
Anna uventa hendingHendingar som gjer at informasjon om deg og  helsa di kan bli fanga opp av andre, eller som gjer at samtalen ikkje kan gjennomførast, medfører at vi tar pause eller avsluttar telefonkonsultasjonen. Dersom det er føremålstenleg går ein over til å diskutere kva de skal gjere vidare.

Telemedisinsk dialog

Fann du det du leita etter?