Helsefaglig kontakt

«Helsefagleg kontakt» er ei teneste som poliklinikkar kan tilby til pasientar som må følgjast opp direkte over tid. Tenesta gjer at behandlar eller ei gruppe av behandlarar har moglegheit til å utveksle elektroniske meldingar med deg via HelseNorge.no.

Tenesta er situasjonsbestemt og tidsavgrensa, og det er behandlar som bestemmer omfanget. Det er opp til klinikken å vurdere om denne tenesta er eigna i di behandling, og meldingane skal ikkje erstatte den vanlege oppfølginga i primærhelsetenesta, til dømes frå fastlege. Tenesta gjer at du kan følgjast opp, til dømes etter ei starta eller endra behandling, slik at du kan sleppe mange visittar og telefonar til klinikken.

Den helsefaglege kontakten din vil dukke opp under flisa «Helsekontaktar» på HelseNorge.no når din behandlar har aktivert dialogen. Foreldre til barn i alderen 0 - 16 år vil kunne sjå barnets helsekontaktar, men vil berre kunne sende melding på vegne av barn i alderen 0-12 år. Slik ser det ut på HelseNorge.no:


HelseNorge.no har ei eiga informasjonsside om tenesta her:
https://helsenorge.no/om-min-helse/helsekontakter  

Korleis sender eg melding frå HelseNorge?

 Du kan velje å sende melding frå flisa «Meldingar» eller frå flisa «Helsekontaktar». I eksempelet under er det valt ein helsekontakt der meldingane går til ei felles arbeidsgruppe:

skjermbilde

skjermbilde
Når du har trykt på Send, kjem dette biletet opp:

skjermbilde

Kan pårørande med fullmakt svare på vegne av meg?

Dersom du har gitt ein annan person over 18 år fullmakt, vil vedkomande kunne sende og svare på meldingar på vegne av deg.

Når kan det vere aktuelt å opprette Helsefagleg kontakt?

Det er frivillig å ta i bruk denne tenesta, og ho er meint å vere ei moglegheit der ein ser behov for å tilby ein sikker og skriftleg dialogkanal med deg eller pårørande med fullmakt på HelseNorge.no. Rolla kan tidsavgrensast, opprettast og avsluttast ved behov.

Døme på bruksområde:

  • Ved behov for hørselshemma å kommunisere skriftleg med behandlar, eller andre som har utfordringar med munnleg kommunikasjon
  • For pasientar som ønskjer å kommunisere ved hjelp av e-post, vil dette vere eit sikkert alternativ som i tillegg blir journalført.

Kan denne rolla opprettast på barn?

Rolla kan opprettast på barn i alderen 0 og fram til barnet fyller 12 år. Då vil foreldre med foreldreansvar ha moglegheit til å ha dialog på vegne av sine barn. Når barnet fyller 12 år og til det fyller 16 år, kan foreldre sjå at barnet har ein slik helsekontakt, men dei vil ikkje ha moglegheit til å sende meldingar på vegne av sine barn. Ei slik rolle bør derfor ikkje opprettast når barnet er mellom 12 og 16 år. Når barnet har fylt 16 år, kan barnet sjølv ha dialog med behandlar/kontaktperson. Når barnet er 16 år får det også moglegheit til å kunne gje andre (vaksne over 18 år) fullmakt til å kunne sjå og eventuelt kommunisere med behandlar/kontaktperson.

Avgrensingar i dagens løysing

  • Det er ikkje mogleg for behandlar å initiere dialogen med deg på helsenorge.no. Det medfører at det er du som må sende fyrste melding.
  • Det er ikkje mogleg å sende vedlegg (filer/bilete/ol.) i meldingar

Telemedisinsk dialog

Fann du det du leita etter?