Prosjekt på sjukehuset

Energisenteret har fleire spennande prosjekt under arbeid saman med andre avdelingar og klinikkar på sjukehuset.

Energistien

Saman med Sjukehusskulen og Leiketerapien jobbar vi no med eit splittert nytt aktivitetstilbod på sjukehuset, nemleg Energistien.
Energistien er ein digital "natursti". Gjennom å leite etter QR-kodane som er plassert rundt om kring på sjukehuset kan du finne  spennande aktivitetar, lærerike oppgåver og anna gøy.

Energistien er planlagt å opne i starten av januar 2021.

OU-prosjektet Glasblokkene

Energisenteret for barn og unge er ein del av OU-prosjektet Glasblokkene. Gjennom deltakelse i OU-prosjektet ønsker vi å bidra til at Glasblokkene trinn 1 og trinn 2 blir best mogleg tilrettelagt for barn og unge.

Fann du det du leita etter?