Kino på Energisenteret

Visste du at Bergen Kino har ein eigen kinofilial på Energisenteret?

Vi viser familiefilmer, og alle born og unge som er knytta til inneliggjande på sjukehuset er hjarteleg velkommen!

Sidan våren 2019 har vi hatt moglegheita til å vise dei nyaste kinofilmane i gymsalen på Energisenteret. Her viser vi barne- og ungdomsfilmar ein til to gonger i veka. Sjå under for å lese om kva filmar vi viser dei komande vekene.

Hugs øyreklokker og smarttelefon!


Under kinoframsyninga er det heilt stille i kinosalen. For å få lyd til filmen treng du å laste ned ein app på telefonen/nettbrettet ditt som koplar lyd til øyreklokkene dine. Då kan du styre volumet heilt sjølv.
Du får hjelp av ein Energivert til å laste ned appen og kople deg på før filmen startar

For alle born og unge på sjukehuset

Alle born og unge på sjukehuset, uavhengig kva avdeling du tilhøyrer eller om du er pasient eller pårørande, kan kome. Ta gjerne med deg føresatte, søsken og/eller ein venn.
Vi har plass til rullestolar, pasientsenger og barnevogner

Kvar fredag og annankvar onsdag

Onsdagar, partalsveker: Dørene opnar kl 16.00, filmen startar 16.30.
Fredagar, kvar veke: Dørene opnar 17.30, filmen startar 18.00

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.