Gøy i gymsal

Er du pasient på sjukehuset og mellom 0 og 23 år? Då kan du og dine pårørande låne gymsalen på Energisenteret til leik og moro. Henvend deg i resepsjonen på Marie Joys hus eller i Glasblokkene for å få tilgang.


Korleis kan eg låne gymsalen?

  • Det må vere klargjort fra lege eller sjukepleiar på post at du kan benytte gymsalen.  
  • Henvend deg i resepsjonen i 1.etg i Marie Joys hus eller i resepsjonen på Energisenteret og spør om du kan få låne kort til gymsalen.
  • I resepsjonen vil dei undersøke når gymsalen er ledig, og finn deretter eit tidspunkt som dei sett av til deg.
  • I resepsjonen får du også utlevert eit samtykkeskjema, som sier at du har lest og forstått ordensreglane og varslingsrutiner. Samtykkeskjemaet må underskrivast for å få utdelt kort første gang du låner gymsalen. Personen som skriv under står ansvarleg for bruk av gymsal og at ordensreglane blir fulgt. Denne personen må vere over 18 år.
  • Resepsjonen gjev deg eit nøkkelkort til gymsalen som gjev deg tilgang til låste dører i underetasjen (U1) og til gymsalen.  

Utstyr i gymsalen

I gymsalen si utstyrsbod er der utstyr til ulike ballspel, turn, hinderløyper og andre aktivitetar. Sjå bruksanvisning for utstyret i permen som heng i utstyrsboda, eller ta kontakt med energisenteret@helse-bergen.no dersom du er usikker på korleis utstyret skal brukast.

Ordensreglar og varslingsrutiner i gymsalen

Ordensreglar og varslingsrutiner for gymsalen må lesast igjennom av den ansvarlege før gymsalen nyttast.

Smittevern

  • Det er kun  pårørande som blir reikna som nærkontaktar som kan bli med i gymsalen.
  • Sprit hender før og etter bruk av gymsalen, samt gjennom aktivitetsøkta.
  • Sprit av alt brukt utstyr. Desinfiseringsserviettar skal stå tilgjengeleg på utstyrsrommet. Ta kontakt med resepsjonen eller eiga avdeling dersom dette manglar.
  • Det skal maksimalt være ti personar i gymsalen, og ein skal halde minst ein meter avstand til andre.
  • Følg elles avdelinga di sine smittevernsrutiner

Skade på utstyr

Sjølv om utstyr behandlast på ein respektfull måte, kan uhell skje.
Skadar skal meldast til resepsjonen, som videre tar kontakt med Energisenteret.

Øydelagd utstyr skal ikkje nyttast!

Døme på aktivitetar og leikar i gymsalen

Sjekk ut Aktivitetskassen!  


Har du idear eller forslag til morosame leikar i gymsalen?
Send inn dine forslag til energisenteret@helse-bergen.no 

Fann du det du leita etter?