Forskning, formidling og samarbeid

Energisenteret skal bidra til å opparbeide ny kunnskap om effekt av trening og fysisk aktivitet, og inneheld areal for diagnostikk, behandling, rehabilitering, habilitering, undervisning og forsking. Vi skal bidra til å utdanne trenare, lærarar, fysioterapeutar, helsesjukepleiare og andre som har nytte av å lære meir om fysisk aktivitet for born og unge.

Målet er å få meir kunnskap om korleis man kan lykkast med å integrere born og unge med kroniske sjukdommar og ekstraordinære behov, samt å dele denne kunnskapen med andre. Dette vert gjort gjennom sterke samarbeidspartnare og brukare av Energisenteret.

Idrettscampus Bergen (ICB)

Idrettscampus Bergen skal styrke arbeidet med idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Vestland Fylke gjennom å etablere møteplassar for kompetanseutvikling og -formidling. ICB er eit samarbeid mellom åtte store aktørar, og storparten av Helse Bergen si aktivitet går gjennom Energisenteret.

ICB - Knutepunktet

I Knutepunktet har vi brukaren og deira familie/vener i sentrum. Born og unge med særskilte behov skal kunne oppleve meistring og fellesskap gjennom fysisk aktivitet. Vidare jobbar vi med å opprette saumløse koblingar mellom tenester i Energisenteret og nøkkelpunkt for inkluderande fysisk aktivitet i kommune, fylke, Olympiatoppen, Idrettskretsen og idrettslag.

ICB - Kroppsøvingsgruppa

Kroppsøvingsgruppa jobbar for å styrke kroppsøvingsfaget i skule og barnehage.
Dette gjer vi blant anna gjennom "Kroppsøvingsprosjektet".
Gjennom tiltak på prosjektskulane og gjennom å betre samhandlinga mellom skule og helsevesen har vi som mål å auke gjennomføring og deltaking i kroppsøving for elevar på vidaregåande skular.

ICB - AktiveGamere

Aktive Gamere-gruppa i Idrettscampus Bergen jobbar for å legge tilrette for ei tettare kopling mellom gaming, idrett, fysisk aktivitet og sosialt fellesskap. Dette skal vi gjere ved å bidra med støtte, kompetanse og opplæring til idrettslag, skular, foreldre og omsorgspersonar.
E-LAN er for eksempel ein del av satsinga til Aktive Gamere.

ICB - Paraidrett frå breidde til topp

Mange born, unge og vaksne med funksjonsnedsettingar har ikkje same moglegheit til å vere i fysisk aktivitet som sine jamnaldrande. I satsinga "Paraidrett frå breidde til topp" jobbar vi for å legge tilrette for at alle med funksjonsnedsettingar kan delta i idrett og fysisk aktivitet i sitt nærmiljø.

WestPaed Research Group

WestPaed Research Group er ein svært aktiv forskingsgruppe som arbeid inn mot vekst, kardiovaskulær og respiratorisk fysiologi hos born og unge, mellom anna gjennom eit stort følgestudie av premature. Store delar av testinga i gruppa gjennomførast her i Energisenteret, då særleg på Hjarte-lunge testlab.

EILO/ILO-gruppa

Vi er alle kjent med astma. Det ikkje fullt så mange kjenn til er anstrengelsesutløst laryngealobstruksjon (EILO). EILO/ILO-gruppa i WestPaed er verdsleiande innen denne problematikken, og pasientar kjem reisande frå både inn- og utland for å verta utreia og behandla her på Energisenteret.

Å trene eller å ikkje trene?

I prosjektet Å trene eller å ikkje trene? skal doktorgradsstipendiat Stian Hammer auke vår kunnskap om moglege helsegevinstar born og unge med Duchenne Muskeldystrofi (DMD) kan ha av fysisk trening.

Fann du det du leita etter?