Digital egenrapportering

I forkant av din timeavtale har du eller dine føresette kanskje fått tilsendt ein SMS med innloggingslenke. I så fall ønskjer vi at du skal fylle ut det elektroniske spørjeskjemaet og sende det til oss. Skjemaet inneheld nokre spørsmål om helsa di. For å gjere dette må du ha moglegheit for «sikker innlogging».

Kva er sikker innlogging?

Innlogging må skje anten med BankID (kodebrikke), BankID mobil, Buypass eller Buypass mobil. Du kan logge deg inn via datamaskin, nettbrett eller smarttelefon. Etter innlogging kommer du direkte til spørjeskjemaet.

Kven skal logge seg inn?

SMS går til mor og far dersom barnet/ungdommen er under 16 år. En må likevel benytte barnets egne sikker innlogging. Unge over 16 år som har sitt mobilnummer registrert i sjukehuset sitt journalsystem vil få SMS direkte og bruker sin eigen sikker innlogging.

Utfylling av skjemaet

Svara dine blir lagra etter kvart i skjemaet. Dersom du må avbryte, kan du logge deg inn på nytt og svare på resten. Når du er ferdig trykker du på «lever». Ferdig utfylt skjema blir da overført direkte til din elektroniske journal.

Har du ikkje sikker innlogging?

Dei yngste av oss har oftast ikkje eige sikker innlogging. Dersom du ikkje har slik sikker innlogging, vil du få moglegheit til å fylle ut skjemaet i forkant av timen når du kjem på sjukehuset. Vi arbeidd med å få på plass ein betre løysing for dette.

Har du ikkje fått SMS?

Det er ikkje alle som får tilsendt SMS. Det kan vere fordi ordninga ikkje er tatt i bruk ved den avdelinga du har time hos. Det vil ta eit års tid før elektroniske spørjeskjema er tatt i bruk ved alle avdelingar på sjukehuset.

Treng du hjelp med elektronisk spørjeskjema?

Ved problem med innlogging, sjå Hjelp og veiledning hos Direktorat for Forvaltning og IKT.

Ta elles kontakt med Energisenteret for barn og unge ved spørsmål om utfylling.

Personvern

Digital eigenrapportering tilfredsstiller krava for personvern i helse og omsorgstenesta:
- Norm for informasjonssikkerhet helse og omsorgstjenesten
- Informasjon om personvern for Haukeland Universitetssykehus i Helse Bergen

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.