Behandlingstilbod i Energisenteret

Energisenteret blir nytta til behandling og forskning på tvers av klinikkar og avdelingar på sjukehuset.

Foto: Jente klatrer
 

Aktivitetsgrupper for born og unge

Born og unge i alderen 9-13 år og som følgast opp av Poliklinikk for overvekt kan henvisast til Aktivitetsgrupper på Energisenteret. Gruppene er styrt av fysioterapistudentar under veiledning frå fysioterapeutar ved Fysioterapiavdelinga og fra høgskulelektorar på Fysioterapiutdanninga på Høgskolen på Vestlandet.

Energiteamet PBU

Energiteamet PBU er eit aktivitetstilbod for born og unge knytta til Psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Energiteamet har eit heilheitleg møte med pasienten, og nyttar både gymsal, basseng og uteområde til ulike aktivitetar og idrettar.

Utdjupande nettsidar er under utvikling

Fysioterapi for barn og unge

Fysioterapeutane som jobbar med born og unge på Haukeland har base på Energisenteret. Her har møter dei born og unge til fysioterapivurderingar eller -behandlingar i eit av fysioterapiromma, i gymsalen eller i bassenget. I tillegg utfører fysioterapeutane behandling på born og unge som er innlagt på Marie Joys hus.

I ganglaboratoriet på Energisenteret jobbar det fysioterapeutar, ortopediingeniørar og ortopedar. Ved bruk av tredimensjonal dataanalyse kartlegg dei gangmønster til born og unge som har utfordringar knytt til gange. Denne informasjonen brukar dei til å finne den eksakte behandlinga som passar deg best, og seinare til å vurdere kor bra det går med deg. 

Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU)

Legar, psykologar, spesialpedagogar, fysioterapeutar og ergoterapeutar nyttar både undersøkelsesrom, gymsal og basseng i sine behandlingar av born og unge tilknytta HABU.

Hjarte-lunge-testlab

I Hjarte-lunge-testlab på Energisenteret føregår det både pasientbehandling og forskning. Her jobbar sjukepleiarar, legar, fysioterapeutar og forskarar med å analysere blant anna lungekapasitet, hjartet sin funksjon og strupehovudet sine rørsler under anstrengelse.

Poliklinikk Barne- og ungdomsklinikken

Barne- og ungdomsklinikken har poliklinisk verksemd i Energisenteret. Her jobbar barnelegar og barnesjukepleiarar saman med undersøking og behandling av born og unge tilknytt Barne- og ungdomsklinikken.
Sjekk innkallinga du har fått i posten om du skal møte i Energisenteret eller i Marie Joys hus.

Sykehusskolen

Sykehusskolen driv individuelt tilpassa undervisning for alle born og unge i skulealder som er innlagt på Haukeland. Sykehusskolen har sine lokaler i 3. etg i Glasblokkene, men brukar gymsalen og bassenget både i friminutt og i kroppsøvingstimar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.