Aktivitetar på Energisenteret

Det skjer mykje på Energisenteret. Energiteamet, kino, trening og rekreasjon for føresatte, VR-rom med meir.

Energiteam

Glade barn som bader
Barn som er tilknytt Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) eller Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) kan henvisast til PBU Energiteam for tilrettelagt aktivitetstilbod.


Kino

Bamsen Odd er på kino
Kinosalen vår er kobla til Bergen Kino, og vi kan dermed vise kinoaktuelle filmar. Annakvar onsdag og fredag inviterer vi til åpen kinovisning for inneliggande barn og unge med familie og pårørande. Om klinikkar og avdelingar har aktuelle ynskjer kan privatvisningar settast opp.


Trening og rekreasjon for føresette

Dei næraste pårørande til inneliggande barn og unge har moglegheita til å låne styrkerommet i Energisenteret kvar kvardag mellom 08.00-17.30. Kontakt leiarteamet for omvisning og tilgang. Dei næraste pårørande av inneliggende barn og unge har også tilbod om å nytte bassengfasilitetane våre kvar tysdag 16.30-17.30. Møt opp i blokk 3 i U1 i Glasblokkane.


VR-rommet for barn og unge

VR-rommet digitalt
I underetasjen har vi høsten 2019 bygget opp VR-rommet for barn og unge. Rommet inneholder en gamingsone, en VR-sone og en sosial sone. Kapasiteten er foreløpig god, så ta gjerne kontakt om du eller dere kan tenke dere å benytte rommet til tilrettelagt aktivitet. 


Hjarte Lunge Testlab

På hjerte lunge testlab har vi topp moderne utstyr til diagnostisering og oppfølging av barn og unge med hjerte og/eller lungelidelser. Flere avdelinger ved Barneklinikken har sitt virke på laben, samt internasjonalt ledende forskermiljø gjennom WestPaed Research.


Ganglab

Nokre barn slit med å gå. På Ganglaboratoriet bruker vi tredimensjonal databasert analyse for å kartlegge gangmønster og vurdere kva slags behandling som vil fungere best for den enkelte. Dei fleste pasientane er barn.

Gutt går på Ganglab
Les meir på Ganglabben si nettside



Tilrettelagte aktivitetar

​I tillegg nyttar fleire pasientorganisasjonar Energisenteret sine lokaler fast på ettermiddag- og kveldstid. Her er aktivitetar som er tilpassa dei aktuelle brukargruppene.

Aktivitetar på Energisenteret

  •    
    Basistrening på Energisenteret

    Basistrening er for unge frå 12 år og unge vaksne med fysisk funksjonsnedsetting. Passar og for deg som enda ikkje har funne din idrett, og vil prøve forskjellige aktivitetar.

  • Laurdag 21.09.
    Open hall 21. september.

    Barn og unge opp til 26 år med autismespekterforstyrringar er hjarteleg velkomne til open hall.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.